Litterært pusterom og ope museum

Litterært pusterom og ope museum

Tidspunkt

7.november 2023

Kl. 12.00 - 15.00

Priser

Gratis inngang.

Her finner du oss

Åsen bygdemuseum
Østbødalsvegen 53
6650 Surnadal

Telefon: 91399452 Avdelingsleder:
maja@nordmorsmusea.no

I samarbeid med Surnadal bibliotek inviterer vi til Litterært pusterom, med kaffestund og ope museum.

Kl. 12.00 – 13.00: Litterært pusterom

Litterært pusterom er høgtlesing etter metoden Shared reading, der ein leseleiar (biblioteksjef Gunnhild) les høgt, ei novelle og eit dikt. Etterpå blir det ein samtale i gruppa om tekstane (men det er greit å vere stille). Du treng ikkje førebu deg på noko, kom som du er og få ei fin, avslappande stund ilag med andre!

Påmelding til Surnadal bibliotek ved melding på Facebook eller tlf: 476 80 797. (Max 10 deltakarar). Dørene er opne på museet frå kl. 11.30 om du vil kome i god tid.

Kl. 13.15 – 15.00: Kaffestund og ope museum

Alle er velkomne til kaffe og sosialt samvær frå kl. 13.15, også om du ikkje har vore med på Litterært pusterom - berre kom innom!
Opne museumsutstillingar.
Fri inngang, kaffe etc. kan betalast med VIPPS/kontant.

Andre aktiviteter fra Surnadal

Podeverkstad

Aktivitetsbasert arrangement
Surnadal
24.mars 2024

AD UNDAS

Familiearrangement
Surnadal
8.juli 2022
Scroll til toppen