Ledige stillinger

Ledige stillingar ved Nordmørsmusea:

Nordmørsmusea AS er eit kulturhistorisk museum eigd av kommuner og museumslag i Heim, Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Smøla, Aure, Kristiansund, Averøy, Hustadvika, samt Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har forvaltningsansvar for over 114 bygg fordelt i regionen, ei omfattande gjenstandssamling og eit innhaldsrikt foto- og papirarkiv. Med våre 35 tilsette er vi tilstades i heile regionen og har hovudkontor i Kristiansund.

Arbeidet vårt omfattar innsamling, ivaretaking, forskning, forvaltning og formidling, og vi ivaretek nasjonale og internasjonale oppgaver innan nordmørsk kulturarv. Vi har dessutan eit særskild ansvar for handlingsboren kunnskap knytta til bygningsvern og fartøyvern. Når Normoria - kulturhuset i Kristiansund står ferdig i 2025 flyttar vi inn med nytt hovudmagasin, hovudutstillinger og sentraladministrasjon.

Stedsansvarlig Averøy og Hustadvika

Ein av våre tilsette skal ut i permisjon og vi er difor på leiting etter deg som ønsker å jobbe hos oss ein periode frå hausten 2024 til hausten 2025 med oppstart etter avtale

Museumsgartner ved Svinviks arboret i Nordmørsmusea

No er vi på leting etter deg som ønsker å vere med og bygge framtidas regionsmuseum saman med oss.  Vi søkjer museumsgartner i 100 % stilling med særskild ansvar for drift og utvikling av Svinviks arboret og fagansvar for levande samling i Nordmørsmusea.

Stipendiat innan handlingsboren kunnskap

Nordmørsmusea er eit konsolidert regionsmuseum med ansvar for ivaretaking og utvikling av nordmørsk kulturarv. Vi har 35 tilsette, der seks er næming eller lærling innan tradisjonsbåt/-bygg gjennom næmingeordninga. No ønsker vi å utvikle ei endå betre forståing for denne metoden for opplæring og utvikling av kulturarv, og lyser ut prosjektstilling for stipendiat innan handlingsboren kunnskap.

Scroll til toppen