Formidling på Fagerli skule
Av Ingvild Christine Ruland

Dei siste åra har det vorte nytt liv på Fagerli skule i Gjemnes. Skulen var bygd i 1886 som eit resultat av ”lov om allmueskolen på landet av 1860.” Skulen låg då i Tingvoll Sørland. Til undervisninga ved Osmarken/Fagerli Kreds kom det ungar frå gardane Aspås, Blikås, Åbak, Fagerlid og Vatn. Seinare fekk desse markagrendene namnet Fagerli skulekrets.
Det føregjekk undervisning i skulen fram til 1961, då den udelte kretsen vart inndratt til Angvik. I skuleåret 61/62 var det framhaldsskulerom for Sørlandet. Etter dette vart huset nytta til privat bustad, før det vart skulemuseum i 1980.
I 2010 blir det pedagogiske opplegget tilrettelagt utifrå alder og føresetnader til elevane. Den yngste som har vore på eit pedagogisk opplegg var to år gamal, og vi har hatt besøk av tidlegare skuleelevar som no er komen opp i 90-åra.
Sentralt i formidlinga står sjølvsagt kristendomsundervisning og salmesong, lesing, skriving og rekning. Her får elevane prøve blekk og penn, tavle og griffel.
Det som barna synest best om er friminutta. Då trillar vi bandhjul, leiker med ball, kaster på stikka, hopper tau eller held på med songleikar. Det er uendeleg mange leikar å halde på med, men skuledagen går så alt for fort.
Artikkelen er fra Nordmøre museums årbok 2010