Hopp til hovedinnhold

Gjemnes inn i Nordmørsmusea

Fredag 20. desember signerte Gjemnes kommune og Gjemnes historie- og museumslag konsolideringsavtale med Nordmørsmusea. Avtalen trer i kraft 1. januar 2025, og markerer at samlinga av regionsmuseet er ferdigstilt.

  • Biilde av representanter fra Nordmørsmusea, Gjemnes kommune og Gjemnes historie- og museumslag som signerer konsoliderinsavtale 20. desember 2024.
    Signering av konsolideringsavtale mellom Nordmørsmusea, Gjemnes kommune og Gjemnes historie- og museumslag. Frå venstre: Direktør Eigunn Stav Sætre, ordførar Knut Sjømæling og styreleiar Nils Martin Sæther. Foto: Gjemnes kommune.

Samme dag går kommunen og historie- og museumslaget inn som eigarar av Nordmørsmusea AS saman med dei andre kommunane, museumslaga og Møre og Romsdal fylkeskommune.

I samband med stifting av Nordmørsmusea AS 21. oktober 2022 vedtok Gjemnes kommune å utsette sak om kjøp av aksjer og konsolidering i det nye museumsselskapet. Gjemnes kommune og Gjemnes historie- og museumslag har no ferdighandsama saka, og gjort vedtak om å kjøpe sine aksjer og å inngå konsolideringsavtale med Nordmørsmusea AS.

Signering av denne avtalen markerer ei ferdigstilling av samlinga av Nordmørsmusea. Dei aktuelle kommunane, museumslaga og fylkeskommunen er medeigarar, og dei lokale eigarane av samling overfører ansvar for forvaltning og utvikling av nordmørsk kulturarv til det regionale museumsselskapet. 

- Dette er ein stor dag for Nordmørsmusea, seier direktør Eigunn Stav Sætre. - Når Gjemnes no kjem med i regionsmuseet kan vi jobbe samla med nordmørsk kulturarv i heile det kulturhistoriske området, og det gler vi oss til å ta fatt på. 

Også Gjemnes kommune og Gjemnes historie- og museumslag er nøgd med å gå inn i museumsamarbeidet. 

Ordførar Knut Sjømæling og leiar i historie- og museumslaget Nils Martin Sæther er einige om at dette er eit viktig vedtak både for kommunen og for dei frivillige. - Vi vil no få betre moglegheit til å ivareta kulturarven i Gjemnes, til å vise han fram og til å formidle han, seier Sjømæling.

  • Museumsreforma i Noreg vart innført på 2000-talet for å styrke museumssektoren, forbetre drifta og sikra betre forvaltning av kulturarven. Reforma hadde som mål å profesjonalisere og modernisere musea, samtidig som ho skulle bidra til at musea vart meir berekraftige økonomisk og organisatorisk. 
  • Omgrepet "konsolidert museum" viser til prosessen der fleire museum, gjerne med likt tema eller geografisk nærleik, blir slått saman til eitt større museum. Målet med konsolideringa er å skapa sterkare einingar som kan utnytta ressursar meir effektivt, redusere administrativt arbeid, og tilby eit breiare spekter av aktivitetar og samlingar. Konsolideringa skal og bidra til å gjera musea meir attraktive og relevante for eit større publikum, samtidig som dei skal forvalta kulturarven på ein meir heilskapleg måte.
  • Konsolideringa fører til færre, men større, museumsorganisasjonar som kan tilby betre kvalitet på både utstillingar, forsking og formidling. Dette er rekna som eit viktig steg for å møta krava i ei tid med auka digitalisering og økonomiske utfordringar.
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2