Nordmørsmusea er eit konsolidert regionsmuseum med ansvar for å ivareta og vidareutvikle den nordmørske kulturarven i ti kommunar. Museet er organisert som eit aksjeselskap, med avtalefesta ansvar og råderett over den nordmørske samlinga, som er eigd av kommunar og museumslag i regionen.
Vi arbeider i tett partnerskap med frivillige aktørar innan kulturarvområdet, særleg dei ulike museumslaga som eig delar av samlinga. I tillegg samarbeider vi nært med kommunane i området, andre museum, fylkeskommunen, staten og andre tilskotsgjevarar.
Med over 114 bygg, ei omfattande samling av farkostar og gjenstandar, samt eit stort og variert arkiv, har vi ein rik og mangfaldig arv å ta vare på. Nordmørsmusea har over 30 fast tilsette, i tillegg til ei rekke sesongtilsette. Dette gjer oss til ei mellomstor regional verksemd.
Vi jobbar heilskapleg med samlingsutvikling innan bygg, gjenstandar og arkiv i alle kommunane vi har avtale med. Publikum blir invitert til besøksarenaer i ni kommunar, der historia blir levandegjort gjennom utstillingar og formidling.