Ikorneset folkeminnepark

På Ikornneset ligg det ca. 10 gravrøyser, enkelte små røyser, åkerreiner og gardfar. Gravrøyseine er typiske kystrøyser av varierande storleik, som er bygde av rullestein.

Kultursti mellom gravrøyser

Dei to største gravrøysene har ein imponerande storleik med eit tverrmål på omlag 15 meter og ei høgd på 2 meter. Det er usikkert kor gamle gravrøysene er, men ting kan tyde på at dei stammar frå eldre jarnalder og mest sannsynleg frå perioden år 0 til ca. 600 e.Kr.

Kjennskapen til gravrøysene, samen med tett tilplanta granskog, einerkratt og lyng, var utgangspunktet for kulturstien i 1991. Opparbeiding av stien og rydding av røysene vart eit samarbeidsprosjekt mellom kulturetaten i fylkeskommunen og Gjemnes kommune.

Området på Ikornneset er tilrettelagt med benkar og bord, badeplass og fine fiskeplassar. Noko lengre aust for Ikornneset ligg Høgsetleira, som er ein langgrunn bukt med eit stort tidevassområde. Dette området er hekke- og beiteområde for ei lang rekkje våtmarksfuglar.

Når ein går gjennom kulturstien vil du finne 5 plakattekster med illustrasjonar for det ein kan sjå og oppleve på Ikornneset.

Scroll til toppen