Hopp til hovedinnhold

Uteksaminering av næmingar 2025

Tømrarnæmingane Tallak Jakob Prytz og Allan Andreasson har forsvart næmingoppgåva si for sensor Jarle Hugstmyr frå Norsk Håndverksinstitutt, Jon Bojer Godal og Marius Wiman Jektvik.

  • 1/1


Dei har tømra og reist eit påbygg til Husasnotrabygget i Nordmørsk stavline. Med store portopningar og lange spenn har dei kompensert med kammadragarar og forspenning.

Streving og stramming av bygg har levd i hendene på folk og ikkje i tømrarlitteraturen, og dette er ein viktig del av den handlingsborne kunnskapen som næmingane no forvaltar og ber med seg vidare.

Materialval; det er viktig å kunne blinke og felle tre til riktig føremål i tradisjonsbygg. Næmingane har gjort rede for val av material i bygget. Vidare har dei analysert kvalitet og alder på tre frå foto, og kva dei ville bruka dei til. Skal det vere syll, bordved, stav eller anna?

Tallak og Allan har i tillegg til å gjere rede for prosess og val i stavlinebygget hatt praktiske prøvar, utan førebuing til oppgåva. Tallak har hogge eit Raulandslaft i laftekassen til Sandværet og Allan har laga ku, målepinne og ein fransklås i 7” material.

Dei bestod med glans 👏🥳 Gratulerer til Tallak og Allan frå heile Nordmørsmusea!

  • 1/7
  • 2/7
  • 3/7
  • 4/7
  • 5/7
  • 6/7
  • 7/7
Museum24:Portal - 2025.05.07
Grunnstilsett-versjon: 2