Hopp til hovedinnhold

Ungt råseglseminar

Torsdag 3.-søndag 6.april arrangerte vi på Geitbåtmuseet, saman med Forbundet Kysten, «Ungt Råseglseminar» med temaet fullasta båtar. Over 30 råseglinteresserte ungdom frå heile landet har gjennom helga testa ulike problemstillinger knytt til lessing av båt og stabilitet med ulik type og ulik mengde last.

  • tradisjonsbåt i tre under seil, to mennesker i båten
    Nordmørsmusea

 

Kvart år arrangerar Forbundet Kysten «Råseglseminar» der mange råseglentusiastar treffast for å finne svar på problemstillinger som dukkar opp innanfor segling, til dømes har det vore jektesegling og vikingskipssegling. Fleire unge i råseglmiljøet har gått saman for å lage noko tilsvarande, berre utan dei «vaksne». Difor oppsto «Ungt råseglseminar» som vart arrangert for første gong på Otnesbrygga i regi av oss på Geitbåtmuseet i samarbeid med Forbundet Kysten.

  • 1/1
    Nordmørsmusea

Temaet denne gongen var fullasta båtar, og vi planla ein del spørsmål og problemstillinger knytt til dette temaet før seminaret, og kom på endå fleire undervegs. Det vart gjennomført krengetest for å måle krengemotstanden til forskjellige båtar med forskjellige mengder ballast. Vi testa korleis ein best skulle laste ein båt med tønner ved hjelp av talje og tønneskrev, og korleis båten er å segle og ro etterpå. Vi testa og kor mykje ved ein fekk plass til i ein åfjordsseksring og korleis han var å bruke etterpå.

Fredag ettermiddag segla vi 8 båtar i mykje vind med forskjellig mengde ballast for å sjå korleis resultata frå krengetesten fungerte i praksis. Vi hadde og regatta og mykje artig segling på Arasvikfjorden. Om kveldane delte vi erfaringar og diskuterte resultata frå testane.

 

  • 1/2
    Nordmørsmusea
  • 2/2
    Nordmørsmusea

Det vart ei utruleg lererik helg med mykje arbeid framover for å samanfatte alle erfaringane og resultata frå testane. Planen er å skrive ein artikkel om seminaret i tidsskriftet «Kysten», samt presentere resultata frå seminaret i ein lengre rapport som vil bli lagt ut på heimesida vår og hjå Forbundet Kysten.

Takk til Alva og Lisabeth som lagde fantastisk mat til svoltne seglarar heile helga, og til Guri for hjelp med brødbaking og lån av baksterhus. Og takk til Halsa historielag for lån av Otnesbrygga og Otnesbrygga kystlag for lån av kaiplass.

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2