Hopp til hovedinnhold

Temakveld Åsen bygdemuseum

Velkomen til temakveld om gardshistoria på Åsen, i samarbeid med Stangvik historielag

NB! Arrangementet har funnet sted

Velkomen til temakveld om gardshistoria på Åsen, i samarbeid med Stangvik historielag

Surnadal Åsen bygdemuseum
6650 Surnadal, Norge
27. nov. 2024
18.00
  • 1/1
    Fylkesfotoarkivet

Temakveld: Åsen i gamle dagar

Stangvik historielag ved Erling Myrbostad og Torbjørn Polden vil denne kvelden presentere glimt frå historia til Åsen og områda ikring. Begge har dei vakse opp i nærleiken og har ei sterk interesse for arbeid med lokalhistorie og slektshistorie.

 

I lag med Lars Steinar Ansnes har dei tidlegare gitt ut bokserien «Under Skarfjellet», som tek for seg lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda i Surnadal.

 

Med utgangspunkt tittelen  «Åsen i gamle dagar» vil du denne kvelden få høyre om gardar og husmannsplassar på Åsen på 1600, 1700, og 1800-talet. Ein vil også kome inn på stadnamn og plassar, som kanskje har gått i gløymeboka? I tilknyting til gardane og plassane fanst sag, løer og kverner, som også vil bli fortalt om.

 

Garden Åsen har ei mangfaldig historie gjennom tida som gardsbruk, skysstasjon og aldersheim og bureisinga sette etter kvart sitt preg på områda ikring. Dette er også tema ein vil kome innom.

 

 

Inngang: 100 kr, inkl. kaffe og noko å bite i.

 

 

Velkomen til temakveld i fjøset!

 

Arr: Stangvik historielag og Nordmørsmusea

 

 

 

 

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2