Hopp til hovedinnhold

Syng Symra! Folkesongkurs med Gro Kjelleberg Solli

- bli med å lyfte fram folketonane til Ivar Aasen sine viser

NB! Arrangementet har funnet sted

- bli med å lyfte fram folketonane til Ivar Aasen sine viser

Tingvoll museum
Reitvegen 61, 6630 Tingvoll, Norge
11. nov. 2025
18.00 – 20.00
  • 1/1

«...hos de Konditionerede betragtes jeg nemlig som en Sprogmand, men hos Almuen betragtes jeg som en Digter!»
- Ivar Aasen i brev til Carl Unger, 9.11.1850

Lenge før Ivar Aasen vart vidgjeten som språkforskar, var visene han dikta sungne i hus og heim kring om på Nord-Vestlandet.

Den dag i dag kan dei fleste «Nordmannen» (Millom bakkar og berg), og kanskje fleire Aasen-viser. Men dei færraste har høyrt dei mange flotte folketonane til visene hans, som har levd på folkemunne fram til våre dagar. Mange av dei finst no berre i folkemusikk-arkiva, og vert lite brukt. Denne skatten vil Nordmørsmusea, Nynorsk kultursentrum og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (Viti) få fram i lyset! 

På songkurset får du lære folketonar til Ivar Aasen sine viser. Gro Kjelleberg Solli har dukka ned i arkivopptak og sunge liv i gøymde tonar som har vore brukte til Aasen-visene. På kurset lærer du songane direkte frå kurshaldaren, slik det vart gjort før. Du treng ikkje kunne folkesong frå før av, men det er fint om du er glad i å syngje.

Kurset er ein markering av at den endelege utgåva av Symra av Ivar Aasen kom ut for 150 år sidan.

Gro Kjelleberg Solli kjem frå Angvika på Nordmøre og er busett i Os i Nord-Østerdalen.
Ho er utdanna folkemusikar og musikkpedagog ved Universitetet i Søraust-Noreg og Noregs musikkhøgskole, og arbeider ved Os kulturskole og som frilans folkemusikar.
Solli vann vokal klasse A under Landskappleiken i 2004 og 2012, og gav ut plata «Stien eg fann» i 2018. Ho har og medverka på ei rekkje sceneproduksjonar og innspelingar.

Pris: 200,-
Det er begrensa med plassar på kurset, vil du sikre deg plass ber vi deg sende e-post til kine@nordmorsmusea.no