Hopp til hovedinnhold

Sopelimekurs

Bli med og lag din eigen sopelime!

NB! Arrangementet har funnet sted

Bli med og lag din eigen sopelime!

Surnadal Åsen bygdemuseum
6650 Surnadal, Norge
30. okt. 2024
18.00

Todalen historielag og Nordmørsmusea inviterer til soplimekurs. Lær å lag din eigen soplime av bjerkeris, med rettleiing frå kurshaldar Gudmund Kvendset.

Sopelimen var eit mykje bruka og allsidig reiskap tidlegare, men som stort sett gikk ut av bruk etter  at nye kostar, bokstaveleg tala, kom på marknaden.

Til kurset treng du:

  • Bjerkeris. Det er ein fordel om du har høve til å ta med bjerkeris sjølv, men vi kjem også til å ha med noko ekstra, om du treng å supplere undervegs
  • Kniv, evt. hagesaks til å klippe ris med
  • Knipetang til streng

Vi ordnar med streng til alle (men ta gjerne med om du har) og litt ekstra verkty om nokon treng å låne.

Kva det er lurt tenkje på når du skal samle bjerkeris:

  • Ta unge skot av bjerk, som ikkje er så lette å knekke
  • Du treng 30-40 stk til ein sopelim, ikkje større enn fingertjukkelse, ca 1 meters lengde eller meir
  • Hugs at du treng litt ulik storleik, tynnare til kosten og tjukkare til skaftet

 

Kurset kostar 100 kr, betal med Vipps, kort eller kontant ved oppmøte.

Velkomen! 

 

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2