Vi ønskjer deg velkomen til bygdemuseet i Surnadal!
Program alle dagar for sommaropent:
- Omvising i museet, start kl. 11.00
- Sal av kaffe og bakels kl. 11.30 - 16.00
- Sal av lokalhistoriske bøker
- Opne lokalhistoriske utstillingar
- Museumsbesøket kan fint kombinerast med tur på Kavlvegen kultursti, med startpunkt ved museet.
Temaprogram:
Onsdag 29.juli: Omvising i Røykomnsstua frå Torvik kl. 11.00
Den ordinære omvisinga blir utvida med besøk i den 275 år gamle freda Røykomnsstua frå Torvik.
Onsdag 05.august: Baking i eldhuset kl. 12 - 15
Kom og bli med, vi bakar på takka!
Onsdag 12.august: Aktivitet i smia kl. 12 - 15
Vi fyrer opp i smia - kom og bli med!
NB! Vikingdag er AVLYST pga. for få påmeldte, men museet gjennomfører som planlagt med ope museum, omvising og open smie.
Vikingdag - for påmeldte
Er du barn/ungdom og bur eller går på skule i Surnadal? Frivilligsentralen arrangerer Vikingdag på Åsen og Kavlvegen for deg!
Påmelding og meir info her (frist 04.aug): Surnadal Frivilligsentral - Vikingdag på Åsen, 12.08.2026