Mål for 2025: Nordmørsmusea forskar på og vidareutviklar handlingsboren kunnskap som metode
Vi jobbar med forsking og kunnskapsutvikling innan mange område, og deltek i fagrådet for forsking i musea i Møre og Romsdal. Vi har eit særleg ansvar for forsking på handlingsboren kunnskap. Ein tilsett ferdigstilla i 2025 forskingsprosjektet sitt på geitbåt med stipend frå Håndverksinstituttet. Ein annan er no i gang med forsking på og utvikling av handlingsboren kunnskap som metode, i doktorgradsprosjektet Nevespråk. Kandidaten er teke opp til phd.programmet ved NTNU. Nevespråk har fått tilsegn frå Noregs Forskningsråd som offentleg ph.d..
Vi samarbeider med akademia og studentar innan relevante studier. To av våre tilsette tek høgare utdanning ved NTNU og ein er i gong med studie i fartøyvern ved Hardanger fartøyvernsenter.
I samband med at vi utvikla hovudutstillinga Folk i bevegelse har vi gjennomført forskingsarbeid knytt til dei ulike emna som vi presenterer der, og dette har skapt grunnlag for vidare forsking. Vi er mellom anna i gang med å etablere eit større forskingsarbeid på reisande og Svanviken arbeidskoloni som ein følgje av arbeidet med utstillinga. Vi presenterer utstillinga Folk i bevegelse for skuleklassar og andre interesserte på ein forskingsbasert måte. Det har vore ein stor fordel av tilsette ved museet har jobba fram utstillingstekster og katalog sjølv, når vi no utviklar formidlingsopplegg og legg planer for vidare forsking.
Som ein del av utstillingsarbeidet, ga vi i fjor ut utstillingskatalogen til Folk i bevegelse med tilsette som forfattarar. Fleire tilsette arbeider dessutan med vitskaplege artiklar, mellom anna knytt til temaet Kristiansundsjødane og rettsoppgjeret mot NS-ordførarane i Kristiansund etter krigen.
Vi har gjennom året delteke på og bidrege med foredrag og innlegg ved ulike fagforum og konferansar. Særleg bidrog vi under det nasjonale museumsmøtet, som i mars fjor var i Kristiansund med Nordmørsmusea var medarrangør og vertskap. Fleire av våre tilsette deltok i programmet med foredrag og programpostar.
Nordmørsmusea deltek både i nasjonale og regionale forskingsprosjektet knytt til tema som pelsdyrnæring og steinindustri. Vi er i gang med eit større forskingsprosjekt på lakselordane og fisketurisme. Forsking på levande samling har også hatt eit fokus i 2025, der gjennomgang av tilgjengeleg historisk dokumentasjon har vore eit viktig arbeid gjennom året.
Statistikk på forsking og kunnskapsutvikling
| Tal per 31.12.25 |
Populærvitskapleg artikkel | 6 |
Utstillingskatalog | 1 |
Forskningsrapport | 1 |
Studentoppgåver | 2 |
Kapittel i utstillingskatalog | 18 |
Konferansebidrag | 17 |
Konferansepostar | 4 |
Foredrag | 26 |
Annan presentasjon | 12 |
Film | 5 |
Intervju | 21 |
Podkast | 1 |
Deltaking i radio eller tv | 8 |
Deltaking i regionale FOU-prosjekt | 12 |
Deltaking i nasjonale FOU-prosjekt | 7 |
Deltaking i internasjonale FOU-prosjekt | 1 |
Immateriell kulturarv
UNESCO definerer immateriell kulturarv som «praksis, framstillingar, uttrykk, kunnskap, ferdigheiter – samt tilhøyrande instrumenter, gjenstandar, kulturgjenstander og kulturelle rom» (St.prp.nr.73 (2005-2006)). Munnlege uttrykk og språk, utøvande kunst, skikkar, naturforståing og tradisjonelt handverk er lista opp som sentrale uttrykksformer for immateriell kulturarv. I Totalberedskapsmeldingen (Meld. St. 9, 2025, s.89) omtales kulturarven både som mål, middel og motstandskraft i kriser og krig. Det å ha kunnskap om vår eigen kulturelle identitet skaper eit medvit om kva som er umisseleg. Handlingsboren handverkskunnskap er ikkje bere ein viktig del av kulturarven, den reflekterer også tida vi lever i og gjer samfunnet betre rusta til å møte framtida.
I 2025 har vi jobba aktivt med både dokumentasjon, vidareføring av tradisjonskunnskap, rådgjeving og samhandling med ulike aktørar knytt til immateriell kulturarv. Vi har eit eige utdanningslaup på høgare nivå (næmingeordninga), samt lærlingar og andre elevar og studentar som får opplæring hjå oss innan bygningsvern, tradisjonsbåt og fartøyvern, og vi samarbeider med andre museum om slik opplæring, mellom anna Hardanger fartøyvernsenter på repslaging i Brunsvikens reperbane. Vi vert også ofte brukt i rådgjeving nasjonalt knytt til ulike bygningsvernprosjekt og - satsingar, noko vi brukar mykje tid på.
Vi har hatt eit auka fokus på både song og dans i perioden, og har hatt både foredrag og kurs i desse faga. Vi har også hatt eit større fokus på matkultur og det kjem att i museet sin hovudpublikasjon i 2026, som vil dreie seg om mat og matkultur på/frå Nordmøre.
Vi er i gang med å planlegge også formidling og kunnskapsutvikling knytt til dei reisande sin kulturarv, som vi dessverre har svært få spor og kulturberar av i vår region. Dette samarbeider vi med både kunstnarar og andre aktørar nasjonalt om å etablere. Totalt sett er immateriell kulturarv og særleg handlingsboren kunnskap i fokus hjå oss, både i dei meir etablerte mannsdominerte faga, men no også i dei meir kvinnedominerte knytt til tekstil, blokktrykk, veving, mat, m.v. Vi har i det høvet etablert eit tett samarbeid med tradisjonsberarar i husflidlaga og husflidkonsulenten i Møre og Romsdal. Vi jobbar også mykje med formidling av kulturarv knytt til levande samling, som i stor grad dreier seg om immateriell kunnskap.
- 1/1
Sjøsetting av stipendiatoppgåva til båtbyggar Hallvard Heide, torskegarnsbåten "Grond"
Handlingsboren kunnskap
Nevespråk
Omgrepet handlingsboren kunnskap skildrar handverkskunnskap. Både den individuelle kunnskapen hjå kvar einskild handverkar og kunnskap som knyter seg til eit felles handlingsmønster innanfor ein avgrensa kulturkrets. Omgrepet omtalast teoretisk, men er ikkje undersøkt gjennom ein konkret, praktisk og handlingsboren studie. Med doktorgradsprosjektet Nevespråk skal kandidaten, som sjølv er kunsthandverkar, forske på kunnskapsfeltet frå eit empirisk perspektiv. Forsking gjort innanfrå, i handverket, vil bidra til å synleggjere høva som finnes i skjeringspunktet mellom teoretisk og praktisk utviklingsarbeid, mellom fagfelta kunst- og tradisjonshandverk og mellom kunst og vitskap. Prosjektet skal undersøkje korleis handlingsboren kunnskap vert utøva og delt mellom profesjonelle profesjonelle tradisjons- og kunsthandverkarar. Felles for utøvarane er ei høg handverks- og materialkompetanse som både utviklast individuelt og i ulike former for læringsfellesskap.
Doktorgradsprosjektet Nevespråk vart i 2025 ferdig utforma, og kandidaten vart teke opp til doktorgradsprogrammet ved NTNU, Fakultet for arkitektur og design, Institutt for arkitektur og teknologi. Nevespråk fekk også tilsegn frå Norsk Forskningsråd, og er dermed innlemma i deira ordning for offentle ph.d.. Prosjektet starta formelt 11. august 2025, og skal ferdigstillast i august 2031. Doktorgradskandidaten forskar i 50% i tillegg til sin eigen praksis som kunsthandverkar, der ho er tildelt Statens kunstnarstipend for etablerte kunstnarar.
Doktorgradskandidaten deltok på BICCS 25, en internasjonal konferanse for handverksforsking. Göteborgs Universitet var vert for konferansen, som samla forskarar frå heile feltet og var ein relevant og lærerik møteplass for fagleg innsikt og nettverksbygging.
Ein stor del av forskinga vår er knytt til handlingsboren kunnskap og næmingeordninga, der vi forskar i bygg og båt gjennom arbeidet vårt med istandsetting og nybygg.