-
Foto: Maja Holand/Herstory
Endeleg er det tid for sesongopning av museet!
Vi feirar opninga med framsyning av dokumentarfilmen "Geitbåten" om den unge båtbyggjaren Hallvard kl. 14.I filmen fylgjer vi Hallvard i livet som båtbyggjar; i verkstaden, i museet, i det sosiale livet som handverkar, i arbeidet saman med bestefaren og ikkje minst ut på sjøen for å bruke båtane han har bygd. Med denne dokumentaren ynskjer vi å gjere handverket knytt til Geitbåten, og livet som ung handverkar ved eit museum, tilgjengeleg for så mange som mogleg. Filmen har vore del av Den kulturelle skolesekken i Trøndelag, og dette er fyrste gang vi syner den fram for publikum utanfor skuleverket!
I sumar kan du få ein spanande omvisning i utstillinga og nyte kokekaffi og bakels med græt i kaféen etterpå kvar dag frå 12-16 (unntatt måndag) Vi har mykje artig for dei minste å finne på også, så her er alle velkomen
Museet held ope heilt til 17. august
Vi sjåast!
Opningstider:
Tysdag til sundag kl 12-16
Måndag stengt
Prisar:
100 kr vaksen
80 kr student/honnør
Barn under 16 gratis
- 1/2
- 2/2