Hopp til hovedinnhold

Seminar: Polsdans i dans og spel

NB! Arrangementet har funnet sted

Eit seminar for deg som er nysgjerrig på polsdanstradisjonen på Nordmøre. Eller har lyst til å bli ein betre polsdansar og få meir kunnskap om musikken og dansen.

Normoria
Kongens plass 6, 6509 Kristiansund
02. mai 2026
12.00 – 16.00

Vi gjekk fram, sleppt kvarander, tok kvarander og svinga oss rundt og. Vi dansa mykje polsdans.

Under nemninga «norsk folkedans» finn vi fleire grupperingar av dansar, dei eldste dansane er i gruppa «bygdedans». Dette er særmerkte dansar med røter tilbake til 1500-talet, knyt til lokale bygdemiljø og dialekter. På Nordmøre vert nemninga «polsdans» nytta på dansen som var populær før runddansen kom til bygdene og som endå vert nytta på dansegolvet. 

Er du nysgjerrig på polsdans-tradisjonen på Nordmøre? Har du lyst til å bli ein betre polsdansar og få meir kunnskap om musikken og dansen?

Under seminaret kjem vi til å diskutere, høyre, sjå og herme etter arkivopptak og tradisjonsberarar. 
Seminar og dagen avsluttast med dansefest kor du får prøvd ut dei nye dansemovsa dine!

Pris: 300kr (inkl. inngang på dansefesten)

Førebels program
12.00 -16.00 Seminar
18.00  Dansefest

Medverkande:
Ivar Mogstad, forskningsarkivar ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Live Karin Liaskar, pedagog og folkedansar 
Kirsty McKinnon, folkedansar
Rune B. Hannem, folkedansar 
Torgeir Leivdal, spelemann
Anna Gjendem, Folkemusikkarkivet i Viti
Kine Iselilja Gyldenskog, Nordmørsmusea

Seminaret arrangerast i samarbeid med Folkemusikkarkivet i Viti og er støttet av Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Møre og Romsdal folkemusikklag.