Har du ein gamal rokk som støvar ned på loftet, eller vil du lære å spinne garn av din eigen eller naboens ull? Denne dagen kjem Victoria med rokken sin til museumskaféen frå kl 12-17 og lærer bort tips og triks!
Det blir servering av kokekaffi, te og noko å bite i.
Vi har ull og rokk, ta med deg sjølv og ein ven eller to og få rokkefoten i gang!