- 1/1
Lær å pode ditt eige frukttre
Vi ønskjer velkomen til årets podeverkstad i Svinviks arboret
Her får du lære grunnleggjande teknikk for poding, kva du bør tenkje på når det gjeld val av podekvist og grunnstamme, samt korleis du skal ta vare på treet på beste måte.
Ta med eiga hagesaks (liten type) og podekniv dersom du har. Vi har nokre knivar til utlån som ein kan dele på, og nokre til sals.
Om du har eigne podekvistar du ønskjer å bruke kan du gjerne ta med. Det er best å klippe desse like før du kjem, evt. lagre i kjøleskap i mellomtida. Podekvistar bør vere frå friske fjorårsskudd som er på tjukkelse med ein blyant, med minst 3 knoppar, gjerne fleire. Det vil også vere muleg å bruke utvalgte podekvistar frå klonsamlinga i frukthagen vår.
Grunnstammar til eple (B9) kan du kjøpe av oss, begrensa til max 2 pr. person med mulegheit for å kjøpe fleire dersom det blir til overs.
Arbeidet skjer utandørs, kaffepause kan tas innandørs.
Alle er velkomne, både du som er nybegynnar og nysgjerrig på poding, og du som er erfaren og vil vere med og pode ilag med andre.
********NB! FULLTEGNET***********
Klikk HER for å melde deg på i enkelt skjema.
Frist: Innan måndag 10.mars.
Billettpris: 200 kr pr. person, inkl kaffe og enkel servering.
Grunnstammar: 140 kr pr stk.
Vi tek i mot betaling med kort/kontant.