Hopp til hovedinnhold

Verksemda

Organisasjon, styre og eigarforhold

Nordmørsmusea AS (NMAS) gjennomførte i 2025 sitt tredje driftsår som nytt museumsselskap og frå 01.01.2025 kom Gjemnes kommune og Gjemnes historie- og museumslag inn som medeigarar. Konsolideringa er med det ferdigstilla og NMAS hadde i 2025 konsolideringsavtalar med ti kommunar og fem museumslag. Verksemda omfattar aktivitet i samtlege kommunar, samt i større delar av Trøndelag og Møre og Romsdal innan bygnings- og fartøyvern.

 

NMAS er først og framst ein kunnskapsinstitusjon. Vi har ansvar for å ivareta og utvikle nordmørsk kulturarv. For å kunne gjere det på ein god og forsvarleg måte, har NMAS fokus både på utvikling av det museumsfaglege området og utvikling av verksemda. 

Arbeidet dreier seg rundt immateriell, materiell og levande kulturarv, med særleg merksemd rundt handlingsboren kunnskap. NMAS er med i det nasjonale museumsnettverket og jobbar utifrå ICOM sin definisjon av museum.

NMAS har ansvar for i overkant av 130 bygninger, der 89 av desse er kulturhistoriske. I tillegg forvaltar og utviklar NMAS ei omfattande samling med ting, arkiv, foto og immateriell kulturarv. Ved Svinviks arboret har vi ei større levande samling på 2 251 levande plantar. NMAS har også ansvar for Regionalt pilegrimssenter Smøla (RPS), som koordinerer kystpilegrimsleia gjennom ti nøkkelstader i Møre og Romsdal og Trøndelag. Ein stor del av aktiviteten vår dreier seg rundt handlingsboren kunnskap og opplæring innan tradisjonshandverk knytt særleg til båt og bygg.

Nordmørsmusea er i dag eigd av:

  • 1/1

Økonomi

I samsvar med reknskapslova §3-3 stadfestes det at føresetnaden om framleis drift er lagt til grunn ved utarbeiding av reknskapet. Revidert reknskap for 2025 viser eit negativt årsresultat på kr. 1 130 169,-. 

 

Nordmørsmusea har i 2025 flytta inn i nytt bygg, nytt magasin og åpna si første hovudutstilling og temporærutstilling. Vi har også vore vertskap for det nasjonale museumsmøtet, der vi prioriterte å la mange av våre tilsette delta, og eindel ressursar gjekk med til dette. Samstundes har vi komme igong med å ta igjen etterslep på vedlikehald og har teke tak i heilt naudsynte tiltak grunna avvik på branntryggleik og kritisk vedlikehald. 

 

I perioden som gjekk har vi også hatt ei rydding på økonomi etter omlegging til nye system i ny organisasjon for å få eit så konsekvent og rett regnskap som mogleg. Samla sett vart 2025 eit økonomisk utfordrande år. På samme tid reknar vi oss for å vere over kneika og vil i 2026 bruke større ressursar på å jobbe med inntektssida av verksemda.  Underskotet i 2025 er planlagt dekt inn over drift i 2026. 

 

I samband med konsolideringa vart eigedom og samling liggande i lokalt eigarskap hos kommunar og museumslag, medan lån og forpliktinger var overført til NMAS, som har full råderett og ansvar for samling og drift. Som følge av dette vart NMAS sin eigenkapital i utgangspunktet negativ i første driftsår. I 2024 vart den negative egenkapitalen henta inn igjen ved verdsetting av immaterielle eigendelar i selskapet. Eigenkapitalsituasjonen er framleis sårbar, og med eit negativt årsresultat er eigenkapitalen negativ att, noko som utløyser handleplikt for styret. 

 

Selskapet har stabile inntekter og langsiktige avtaleverk. Vi har også ei stor grad av eigeninntening, særleg gjennom bygningsvernsarbeidet vårt. Det vil difor vere mogleg å tilpasse aktivitet og kostnader slik at selskapet dekkjer inn underskotet. Samstundes som vi jobbar med vidare utvikling av drifta, kjem vi også til å iverksette konkrete tiltak for å sikre ein solid eigenkapital.  

 

Hovudfinansieringa vår kjem frå offentlege tilskotsgjevarar, med faste årlege tilskot frå stat, fylkeskommune og kommunar. For 2025 fordeler det seg slik: 

 

Kultur- og likestillingsdepartementet 

kr 12 855 000,- 

Møre og Romsdal fylkeskommune 

kr 8 388 589,- 

Kommunane i partnerskapen    

kr 5 811 868,- 

                                                                                                                                                           

I tillegg har vi ei eigainntening på om lag kr. 12 mill.. Styret vurderer eigenkapital og likviditet som forsvarleg og i tråd med krava i ASL §3-4. 

 

Både det statlege og regionale tilskotet har utvikla seg markant dei siste to åra som følgje av innflytting i Normoria og auka driftsutgifter knytt til det. Det gjer at museet kan prioritere å utvikle verksemda snarare enn å omdisponere midler frå anna drift til å dekkje husleige. Samstundes har Nordmørsmusea ambisjonar om å realisere ei rekkje satsinger og prosjekt dei kommande åra, og kjem til å jobbe aktivt med å sikre finansiering for å nå desse måla.

 

NMAS er eit reint driftsselskap utan fast eigedom og samling, og har teke over all museumsverksemd frå det tidlegare regionsmuseet, Stiftelsen Nordmøre museum (SNM). Denne stiftinga heiter no Stiftelsen Kristiansund museum (SKM) og har eigarskap og ansvar for samling og bygg i Kristiansund. Eigarskapet til samling ligg ellers lokalt hos dei ulike kommunar og museumslag det gjeld. NMAS har ikkje-økonomisk formål og er ikkje skattepliktig. Selskapet eig 100 aksjar i KulturIT, musea sitt eige IT-selskap og to aksjar i det nye reiselivsselskapet for Møre og Romsdal, Visit Dest MR AS.  

Generalforsamlinga er det øvste organet til selskapet, og i 2025 vart generalforsamling gjennomført 9. april. Styreleiar Ottar Brage Guttelvik, nestleiar Lilli Husby og styremedlem Harald Mork vart attvald for to år, styremedlem Bodil Børset og Harald B. Høgseth var ikkje på val, og varamedlemmar Ingrid Kvande og Olav Bjørn Nilssen vart attvalde for eitt år. Frå dei tilsette sitt Lisabeth Syltøy Fiske og Virginia Bertani, med vara Stein-Gunnar Sommerset og Maja Frønes. Eigunn Stav Sætre er direktør for selskapet. Valkomite for selskapet er Heidi-Iren Wedlog Olsen, attvald for to år, Svein Roksvåg vald for to år og Grete Lene Serikstad som ikkje var på val.

Strategiplanen til selskapet vart vedteken hausten 2023 og teke i bruk frå 2024, medan fagplanverket er under ferdigstilling. Museet sitt mandat og hovudansvar dreier seg om å ta vare på og utvikle nordmørsk kulturarv. For å kunne gjere det på ein god og forsvarleg måte, har NMAS fokus både på utvikling av det museumsfaglege området og utvikling av verksemda. I 2025 jobba vi vidare med å samle all økonomi, etablere avtalar som sikrar god og føreseieleg drift, samt å utvikle gode rutiner som vil lette det faglege arbeidet på sikt. Slik sikrar vi også at selskapet er ein attraktiv og seriøs arbeidsgjevar.

Selskapet er i større grad funksjonsorganisert, med vekt på regionale stillinger og samarbeid på tvers av geografi og innanfor dei ulike hovudfagområda våre; forvaltning, samling, formidling og forskning. I 2025 tilsette vi fleire med museumsfagleg kompetanse, mellom anna museumsgartner og samlingsforvaltarar (oppstart 2026), og vi henta dessutan inn særkompetanse innan økonomi og byggdrift i to nye stillinger, i tråd med den vidare profesjonaliseringa av verksemda. Vi har framleis IT-sjef og tenester gjennom KulturIT.

Marknadsføringsmessig har vi fokus på lokal og regional annonsering. Den viktigaste kanalen vår er nettsida som vi har utvikla i 2025 etter at vi gjekk over til Museum24 året før (KulturIT). Vi er aktive i lokale og nasjonale aviser og magasin, nærradio, digitale kulturkalenderar, NRK TV og radio. Vi er også synlege gjennom Google Partner og reiselivsselskapet i regionen. Vi jobbar meir systematisk med bruk av sosiale medier for å dele informasjon og kunnskap om det vi jobbar med. Her har vi hatt ei jamn auke med følgarar og god respons på det vi legg ut.

Sommaren 2025 flytta vi på nytt vi heile hovudkontoret, denne gongen frå Dalaveien 17 til kulturhuset Normoria. Vi har framleis mellomlagra gjenstander, arkiv og anna museumsmateriell ved ulike lokasjonar medan vi førebur innflytting i magasin i Normoria i 2026/2027.