Vil du vite meir om Svinviks arboret?
- 1/1
Vandring i Svinviks arboret VisitNordves Eline K. Fladseth
Bli med på vandring i arboretet ilag med museumsgartnaren og få ei oppleving av staden og plantesamlinga.
Vi startar i hagen ved kafeinngangen og runden tek ein liten time i roleg tempo. I løpet av vandringa får du vite meir om historia bak arboretet og mangfaldet i plantesamlinga.
Alle med gyldig dagsbillett kan delta på omvisinga. Det er ikkje påmelding, berre møt opp. Billett kjøper du med VIPPS ved inngangsporten eller i kafeen.
Større grupper (10 eller fleire) kan bestille eigne omvisingar, ta kontakt for avtale.