Hopp til hovedinnhold

Nytt stavlinebygg til tjæreprosjekt

  • Torgeir Leirdal/Nordmørsmusea

Nordmørsmusea samarbeider med Gjemnes historie- og museumslag om eit stort prosjekt basert på immateriell kulturarv: ein tradisjonell tjæremile som skal tennast i Astaddalen ovanfor museet der. Tradisjonshandverkar ved Nordmørsmusea, Torgeir Leirdal, leier prosjektet.

Ein tjæremile er ein konstruksjon ein byggjer for å koke sevja ut av fururøter. Resultatet er naturtjære. Dette blir brukt som vern mot naturpåverknad på både bygg og båtar, og er noko vi treng for å kunne ta vare på samlingane våre på best mogleg måte. Tradisjonelt brent tjære er vanskelegare og vanskelegare å få tak i, og kunnskapen om korleis ein byggjer og brenn slike, er truga. Difor er dette viktig kunnskap å ta vare på, og vi set pris på at historie- og museumslaget har teke dette samarbeidsprosjektet på strak arm.

I samband med dette prosjektet har vi hatt kurs i stavline, ein tradisjonell byggjemetode frå Nordmøre. Stavlinebygget som vart laga på kurset, skal bli eit tørkebygg med tak til å lagre alle tyrirøtene som må samlast til ein tjæremile, og halde dei tørre nok fram til vi har nok røter til å brenne ein god mile og få produsert tjære.

  • 1/2
    Torgeir Leirdal/Nordmørsmusea
  • 2/2
    Torgeir Leirdal/Nordmørsmusea