Hopp til hovedinnhold

Målbilete for 2025

  • 1/1
    Armringen frå Bremsnes i den nye hovudutstillinga

Strategiar og langsiktige planar per desember 2024

Nordmørsmusea har seinhausten 2023 vedteke ny strategi for dei neste ti åra, som fortløpande vert fylgt av vedtekne fagplanar og retningslinjer for intern verksemd gjennom 2024. Utifrå denne strategien har vi hovudmål knytt til oss som verksemd og kunnskapsinstitusjon.

Vi legg især vekt på fem punkt i arbeidet vårt for dei neste tre åra; solid driftsøkonomi, profesjonalisering av verksemda, kompetanseutvikling, kapasitetsutvikling og kommunikasjonsarbeid.

Vi skal etablere oss som ein forskingsbasert kunnskapsinstitusjon med utgangspunkt i nordmørsk kulturarv, og forankre vår rolle som eit nasjonalt leiande miljø innan utvikling av, forsking på og bruk av handlingsboren kunnskap. Vi skal særskild jobbe med utvikling og profesjonalisering av næmingeordninga som opplæring på høgare nivå innan handlingsboren kunnskap.

Vi skal etablere ein praksis for utvikling av ny kunnskap gjennom aktiv samhandling med publikum, partnarskap og øvrige aktørar innan kulturarvfeltet. Vi skal også utvikle gode og ukompliserte samarbeidsformer og tydelege rutiner for samhandling med frivillig sektor og øvrig kultur- og samfunnsliv, og vere ein aktiv pådrivar og deltakar i samarbeid innan den regionale ABM-sektoren.

Vi skal ha eit særskild fokus på å tilrettelegge for og ivareta eit nytt og utvida publikum.

Vi skal gjennom av den kommande treårsperioden utvikle nytt planverk, mellom anna knytt til samlingsrevisjon og -utvikling. Vi skal også igangsette eit større registrerings-, digitaliserings- og tilgjengeliggjeringsarbeid i heile museet. I 2025 flyttar vi inn i Normoria, og skal i samband med det utvikle samarbeidsprosjekt og satsingar ilag med dei tre andre leigetakarane i bygget. Samstundes vil vi jobbe med samling og ivaretaking av bygg, arkiv og gjenstandar på tvers av heile museet, og planlegg utvikling og tilrettelegging for arkiv og samling fleire stader i bygningsmassen vår.

Vi skal den kommande perioden konsentrere oss djupt og intenst om å få på plass ei trygg økonomi og ressursstyring som sikrar ei kontinuerleg utvikling av verksemda vår. Det vil også seie at vi skal utvikle oss som profesjonell verksemd der system, kommunikasjonsformer og samhandlingsarenaer legg til rette for ein berekraftig organisasjon der tilsette trivest og veks. Vi vil utvikle og vedta ein samanhengande planstruktur basert på systematiske prioriteringar som kjem tydeleg fram i budsjett og rapporteringar. Dette inkluderer ein kommunikasjonsstrategi og ein kompetanseutviklingsplan for verksemda.

Eit absolutt fokusområde er å sikre oss ei solid driftsramme som gjev oss nok tilsette for å gjennomføre oppdraget vårt, og at desse har høg, oppdatert og relevant kompetanse. Vi vil også jobbe med å vere ein framleis ettertrakta praksisplass for studentar innan høgare utdanning, og ein føretrukken læringsarena for næmingar og lærlingar innan tradisjonshandverk på båt og bygg.

Forvaltning, drift og vedlikehald 

Mål for 2025: Nordmørsmusea profesjonaliserer verksemda si.

 

I ein nyetablert organisasjon som vår står vi inne i ein heilt ny, grunnleggande infrastruktur i verksemda. Dette gjeld innan IKT, FDV, HMS og andre driftsfaglege område. Det vil ta tid og ressursar å etablere og utvikle eit velfungerande maskineri som sikrar ei kontinuerleg framdrift i verksemda vår.

Nordmørsmusea er eit regionsmuseum på rot. Vi jobbar utifrå ein desentral organisasjon i heile regionen, noko som gjer det utfordrande å skape ei kjensle av samhøyre som er vanleg i ei verksemd av vår storleik. Tilsette sitt ofte åleine eller har reiseveg i samband med arbeidsdagen. Ei profesjonalisering av system, kommunikasjonsformer og samhandlingsarenaer digitalt og fysisk vert difor eit viktig element i å bygge ein berekraftig organisasjon der tilsette trives og veks.

Vi har i 2025 komme i gang med dette arbeidet, og komme langt med tanke på innføring av nye system, digital infrastruktur og rutiner/retningslinjer for organisasjonen. Dette er mellom anna eit resultat av at vi har inngått avtale om IT-sjef og IT-tenester med KulturIT.

Vi vil i 2025 ferdigstille planstrukturen vår, vi har utvikla ein klar kommunikasjonsstrategi som vi jobbar etter og ein aktiv kompetanseutviklingsplan basert på behov og utfordringer i verksemda. Eit resultat av dette er at vi er ein god og attraktiv stad å jobbe for kompetente medarbeidarar og ein trygg og ønska samarbeidspartner både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Heilskapleg samlingsutvikling

Mål for 2025: Nordmørsmusea iverksett plan for heilskapleg samlingsutvikling.

 

Sjølve kjernen i arbeidet vårt er den nordmørske samlinga. Ho er omfattande, delvis digitalisert og registrert, og i stadig vekst. Ei stor utfordring dei neste ti åra vil vere å velge vekk og velge inn gjenstander, arkiv, bygg og anna vi må ta stilling til som del av den kulturhistoriske samlinga vår. Vi har ikkje nok plass, heller ikkje med nye prosjekt som vert realisert innan magasin, arkiv, foto og utstillinger, og vi skal ta stilling til korleis vi skal samle inn, synleggjere og forske på gjenstandar i samlinga.

Ettersom vi har ansvar for ein stor og mangfaldig bygningsmasse og større gjenstander slik som farkostar av ulike slag, må vi også ta stilling til korleis vi skal handtere den aukande påverknaden klima- og miljøendringer har på bygga og gjenstandene våre.

I 2025 vil vi arbeide vidare med samlingene i tråd med samlingsutviklingsplanen som vert vedteke i 2024. Eit resultat av planarbeidet vert å få etablert praksis og rutiner for inntak, avhending og revisjon, for å sikre at vi utviklar ei samling som er representativ for nordmørsk kulturarv. Vi vil også i 2025 jobbe med registrering, digitalisering og tilgjengeleggjering av samling, herunder foto, arkiv og bygg/gjenstander. Dette vil igjen gjere at vi får betre oversikt over eksisterande samling og grunnlag for utvikling av denne framover i tid.

Solid kunnskapsutvikling

Mål for 2025: Nordmørsmusea forskar på og vidareutviklar handlingsboren kunnskap som metode.

 

Vi vil i 2025 ha eit mål om å drive forsking på og utvikling av handlingsboren kunnskap som metode, gjennom tilsetting av ein stipendiat (2024) i samarbeid med NTNU som skal forske spesifikt på denne måten å drive kunnskapsoverføring og - utvikling på. Vi har som langsiktig mål å vere nasjonalt leiande i utvikling av, forsking på og bruk av handlingsboren kunnskap, og å utvikle og profesjonalisere næmingeordninga som utdanning på høgare nivå innan handlingsboren kunnskap.

Vi jobbar med kunnskapsproduksjon på fleire områder. Handlingsboren kunnskap er i mellomtida i ei særstilling i museet vårt. Forsking og utvikling av denne gjennom næmingeordning, kursing og kompetanseutvikling i eigen organisasjon og samfunnet rundt oss, vil gjere oss i stand til å sikre viktig og naudsynt ettervekst av tradisjonshandverkarar og personar med spesialkompetanse innan kulturarv og kulturvern på kort og lang sikt.

Dette er eit komplekst område både fagleg og økonomisk, då det involverer både opplæring, næring, kunstfag, offentleg verksemd og forsking. For oss er det ei utfordring å utvikle og nyttiggjere oss denne modellen og metoden til det beste for museet og samfunnsoppdraget vårt. Forsking på korleis handlingsboren kunnskap fungerer som metode, vil kunne gje oss viktig innsikt i korleis vi skal rigge dette arbeidet på sikt, og samstundes løfte statusen og fokuset på denne typen opplæring og pedagogikk. I 2025 vil den første delrapporten frå dette arbeidet vere på plass.

Trygg ivaretaking

Mål for 2025: Nordmørsmusea flyttar inn i Normoria og utviklar nye museumsmagasin og arkivrom.

 

Sjølve kjernen i arbeidet vårt er samlinga vår. Ho er omfattande, delvis digitalisert og registrert, og i stadig vekst. Ei stor utfordring dei neste ti åra vil vere å velgje vekk og velgje inn gjenstandar, arkiv, bygg og anna vi må ta stilling til som del av den kulturhistoriske samlinga vår. Vi har ikkje nok plass, heller ikkje med nye prosjekt som vert realisert innan magasin, arkiv, foto og utstillingar, og vi skal ta stilling til korleis vi skal samle inn, synleggjere og forske på gjenstandar i samlinga vår. Ettersom vi har ansvar for ein stor og mangfaldig bygningsmasse må vi også ta stilling til korleis vi skal handtere den aukande påverknaden klima- og miljøendringar har på bygga og gjenstandane våre.

I 2025 har vi komme eit langt steg på vegen til å ta betre vare på samlingane våre. Det langsiktige målet vårt i strategiplan er at samlingane er trygt ivaretekne. I 2025 oppnår vi delvis dette gjennom å sikre den mest verdifulle delen av samlinga vår i nytt magasin/arkiv i Normoria - der vi får hovudmagasin, hovudutstilling og hovudkontor for tilsette i museet.

Vi vil ila. 2025 ha innreidd og flytta inn gjenstandar og arkiv i nye og eigna rom i det nye kulturhuset. Parallelt med dette vil vi jobbe fram ei utviklingsplan for betre fasilitetar og magasin/arkivrom over heile museet i eksisterande bygningsmasse som kan utbetrast og tilpassast etter ei tilstandsvurdering av bygg og rom som skal gjeres i 2024.

Aktiv samhandling

Mål for 2025: Nordmørsmusea opplevast som ein truverdig, modig og aktiv samfunnsaktør.

 

Nordmørsmusea skal opplevast som ein truverdig, modig og aktiv samfunnsaktør. Vi har gått gjennom ein lang prosess med tillitsutfordringar både i og utanfor eigen organisasjon, og det gjer det heilt naudsynt å utvikle ny tillit og forankre denne i åra som kjem. Dette gjer vi mellom anna gjennom å utvikle gode og ukompliserte samarbeidsformer og tydelege, nedskrivne rutiner for samhandling med frivillig sektor og øvrig kultur- og samfunnsliv.

Det er stor interesse rundt fagfeltet vårt, og mange aktørar og personar som ønsker å bidra til utvikling av nordmørsk kulturarv. Samspelet med samfunnet, aktørane og publikum rundt oss er både naudsynt og klokt med tanke på det faglege ansvaret vårt, så vel som samfunnsansvaret.

Kunststykket er å etablere og ivareta ein partnarskap som ønsker og har høve til å bidra, utover museumslaga som er sjølve ryggrada i den frivillige delen av kulturarvarbeidet vårt.

Det føresett at vi har gode interne rutiner og at vi fokuserer på solid samlings- og kunnskapsutvikling både gjennom eiga forsking og praksis og gjennom aktiv samhandling med publikum og andre rundt oss. Resultatet er at vi vil kunne få med fleire på det store samfunnsprosjektet musea er ein del av, og der kulturarven spelar ei særleg viktig rolle no og framover i tid. Det vil også gjere oss til ein naturleg og truverdig kunnskapsbase, i ei tid der informasjon, misinformasjon og misbruk av definisjonsmakt pregar samfunnsutviklinga.

Relevant formidling

Mål for 2025: Nordmørsmusea opnar ny hovudutstilling i Normoria og iverksett formidlingsplan for heile museet.

 

I 2025 flyttar Nordmørsmusea inn i nytt hovudsete med utstillingar, magasin og kontor. Dette representerer ein heilt ny arena for formidling til eit stort publikum, der alle har tilgang uavhengig av funksjonsevne. Ettersom vi skal bu ilag med bibliotek, opera og kulturskule, ventar vi dessutan å treffe eit nytt publikum som i utgangspunktet ikkje skulle innom oss.

Vi får både ei større hovudutstilling og ei mindre temporærutstilling i dette bygget, samt formidlingsrom, scener og arbeidsrom knytt til magasin, foto og arkiv. Vi får også ein ny partnarskap i sambuarane våre. Det skaper eit nytt høve for oss med tanke på utvikling av formidlingsopplegg til innbyggarar i heile regionen, særskild barn og unge, så vel som publikum på gjennomreise og andre samarbeidspartnerar innan frivillig og profesjonell sektor.

I laupet av 2025 skal vi ferdigstille/bygge utstillingane, med planlagt opning hausten 2025. Samstundes skal vi i 2025 utvikle og vedta ein heilskapleg formidlingsplan for heile museet, der Normoria og dei andre musea våre sjåast i samanheng. Vi forventar med det å kunne opne opp eit heilt regionsmuseum for dei som vitjar hovudutstillinga og opplever formidlinga vår der, på same tid som vi skal sørge for at dei øvrige musea våre kan ta i mot publikum og fortsette formidlinga i våre mange historiske bygg. Det venta resultatet er å skape ei oppleving av eit konsolidert museum som samla syner fram nordmørsk kulturarv av relevans og interesse for eit større publikum.