Laurdag 7.september kjem Jon Fredrik Skauge frå Fannrem til Tingvoll museum. Han vil fortelle om sine erfaringar med å så lin, bearbeide, spinne og veve. Skauge er bonde, bunadtilvirkar, konservator, kulturarbeider, historikar og forfatter. Vi vil lære om korleis vi handterer linstilkane for å få fram spinneklar lin.
Vi vil få prøve oss på å rispe frø, bråke, skake og hekle det ferdigrøytte linen Jon Fredrik har med seg.
Kanskje får vi prøve å spinne litt og lage ein enkel vev også?
I mai samarbeidde vi og sådde 20 små og store linåkrar rundt omkring i bygda. Desse må vi vatne, luke og passe på, fram til det er tid for rykking.
Det blir presentasjon av 3. klasse, 4. klasse og «ritualekomitéen» sine prosessar ved såing i mai.
Tingvoll Husflidslag er hovedarrangør av arrangementet. Vi er opptekne av gamle teknikkar og vil lære og lære bort, slik at gamal kunnskap ikkje går i gløymeboka. Dette året satsar vi på lin, ved å så og bearbeide linet vi dyrkar. Vi har som mål å få til små vevde dukar heilt til slutt.
ARRANGØR
Tingvoll Husflidslag
Nordmørsmusea
Tingvoll Museumslag
KONTAKT
Navn: Kari Folden, Tingvoll Husflidslag
Telefon: 99585306
kari.kristin.folden@gmail.com
SPONSORER
MIN Kulturminnedag
Krivi vev
Sparebanken Møre