Hopp til hovedinnhold

Kulisteinen finn vegen heimover

  • Bilde av tre personar foran kulturhuset Normoria i Kristiansund.
    Hans Stenøien, direktør ved NTNU Vitskapsmuseet, Eigunn Stav Sætre, direktør ved Nordmørsmusea og Svein Roksvåg, ordførar i Smøla kommune. Normoria i bakgrunnen. Nordmørsmusea AS

Nordmørsmusea har gjennom fleire år planlagt ny fastutstilling i museet.  No skriv vi avtale med fleire instansar om lån av ei rekke skattar frå nordmørsk kulturarv som skal stå på utstilling i åra som kjem. Særleg glade er vi for å kunne vise fram Kulisteinen i Normoria frå 4. oktober i år.  

Med opning av Normoria hausten 2025 markerer vi starten på ei ny tidsrekning for Nordmørsmusea. Nye utstillingsrom, fellesmagasin og andre museumsfaglege rom står klar til innflytting i juni i år, og med det startar også oppbygging av ny fastutstilling.  

Til denne utstillinga har museet jobba med å hente heim ei rekke skattar frå den nordmørske kulturarven, og no har vi signert avtale med fleire museum som er ansvarleg for å ivareta desse i dag. Særleg glade er vi over å få høve til å vise fram Kulisteinen til det regionale publikummet, og rettar ein stor takk til NTNU Vitskapsmuseet for godt samarbeid rundt dette.  

- Eg er glad for at me kan samarbeide med Nordmørsmusea om dette og gler meg til å sjå Kulisteinen i den nye utstillinga deira, seier direktør Hans Stenøien ved NTNU Vitskapsmuseet. - På vegne av Vitskapsmuseet vil eg gratulere Kristiansund og Nordmøre med Normoria, det er nok mange som ser fram til opninga no i haust, helser Stenøien. 

- Vi skal ta godt vare på Kulisteinen medan han er her hos oss, seier direktør Eigunn Stav Sætre, og vi håper publikum tek han vel i mot og nyttar høvet til å komme innom for å sjå han.  

Kulisteinen vert ein del av NTNU Vitskapsmuseet si nye utstilling allereie i 2026. Det vil seie at steinen skal fraktas nordover att i februar neste år.  

- Vi håper mange ønsker å besøke utstillinga vår, og at publikum vil å få med seg Kulisteinen medan han står her, seier fagleiar utstilling Virginia Bertani.   

Normoria vil gje oss magasin og utstillingsrom som opnar for høve til innlån og utstilling av både nordmørske og andre kulturskattar som forvaltas av andre instansar.  

- Med åra kjem det fleire gjenstandar på besøk, det ser vi fram til, seier samlingsforvaltar Stein Ryther.  

 
Den nye fastutstillinga til Nordmørsmusea er planlagt opna 4. oktober 2025.  

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2