Hopp til hovedinnhold

Konsert med Skram og Bjørdal

NB! Arrangementet har funnet sted

Folkemusikk konsert med Britt Elise Skram og Kristina Bjørdal

Handelshuset Patrick Volckmar
Freiveien 8, 6511 Kristiansund, Norge
14. juni 2024
19.00
  • Bilde av folkemusikerne Britt Elise Skram og Kristina Bjørdal. Britt Elise står og holder en fele og Kristina sitter på en trestol og holder ett trekkspill. De er inne i et slitt lokale.

Velkommen til en fargerik og spennende folkemusikk konsert på Handelshuset Patrick Volckmar.

Billetter betales i døren og koster 200,- kroner.

Om konserten:

Britt Elise Skram på fele og Kristina Farstad Bjørdal på akkordeon er to veletablerte musikarar i Møre og Romsdal, og er aktive og mykje brukte musikarar både nasjonalt  og regionalt. Dei har kjent kvarandre i mange år, og no har dei endeleg fått sjansen til å gå  saman å lage eit duoprosjekt for det dei begge brenn slik for: nemleg rund- og bygdedanstradisjonen frå Møre og Romsdal som dei ikler smakfulle arrangement og artige vriar. Dei har også eit stort hjerte for folkemusikken andre stadar i Noreg og Sverige, og har også nokre nyskrivne folkemusikkperler på programmet. Tradisjonane har i alle tider vandra, og ein spelar ting ein syns er fint frå andre tradisjonar og gjer det til sitt eige. Slik held dei tradisjonen levande!

Denne duoen har allereie hatt eigen konsert på NM på Trekkspel 2023 på Storefjell til fullsatt sal, og hatt fleire konsertar til stor entusiasme på mellom anna jazzklubben Hageverkstaden på Vestnes, på “Sommarkveld ved Fjorden” på Villasaga på  Daugstad, og dei har vore artistar på den årlege sommarkonserten som Spelemannslaget Dåm og Drag arrangerar. Dei er no i 2024 igong med ein turné på minimum 15 konsertar rundt om i Noreg, og turneen er støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune, SFF og Kulturdirektoratet.

Dei har hausta mange lovord, og det har ofte blitt kommentert at duoen har ein unik musikalsk kommunikasjon både med kvarandre og med publikum, i  tillegg til at arrangementa på folkemusikken framhevar det fine i melodiane og takta på ein  framifrå måte. Innimellom slåttane vert det historier og anekdoter som sett slåttane i ein rikare kontekst.

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2