Kurs: Høvelmaking

Møre og Romsdal Fylkeskommune, Nordmørsmusea og Romsdalsmuseet inviterer til handverkarsamling for verktøyentusiastar og handverkarar som arbeider med historiske bygg og fartøy.

Kurs: Høvelmaking

Tidspunkt

27.februar - 29.februar 2024

Tirsdag 27.februar:
1000: Oppmøte
1015 Høvelens historie, funksjon og utforming
1200 Lunsj
1300 Vi kikkar på gamle høvlar frå Møre og Romsdal
1400-: Høvelmaking i verkstaden
1600: Mat

Kveld: verkstad for dei som vil

Onsdag 28.februar
0815 Foredrag. Kromma lister
0900 høvelmaking i verkstaden
1200 lunsj
1300 høvelmaking
1600 mat

Kveld. Verkstad for dei som vil

Torsdag 29.februar
0815 Foredrag.
0900Høvelmaking
1200 lunsj
1300 Høvelmaking og høvling med nylaga høvlar
1600 Mat

Fredag 1. mars
Nettverkssamling for handverkarar i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune. Eige program kjem.

Priser

Pris/ påmelding
Kr 900,- inkl materiell.

Her finner du oss

Samlinga vil foregå i Romsdalsmuseet sin verkstad. Bespisning, faglige innlegg vil vere på Reknesstabburet.

Formålet med kurset/samlinga er å auke kunnskapen om høvelen, samt lage sin eigen.

Har du ein modell du vil kopiere, ta med! Ikkje vel ein for komplisert høvel som den første du skal lage. Ein sletthøvel, anten som vanleg einmanns med horn, eller som okshøvel er det vi anbefalar. Ein vanleg okshøvel er gjerne 12 – 14 tommar lang og har tann som er 2 ¼” - 2 ½” brei. Emnet til stokken bør vere om lag 3” x 3”, minst 15 millimeter breiare enn tanna. Har du ein gamal høvel å sjå etter så gjer det arbeidet lettare.

Me oppfordrer alle deltagarane til å ta med seg høvler, enten eigne eller frå musea for å lage til ei eiga studieutstilling. Undervegs i programmet vil me ta korte avbrekk for å studere verktøy og verktøyspor i Romsdalsmuseets hus og båtar.

Instruktør vil vere Roald Rænmælmo. Sjekk ut bloggane: http://skottbenk.wordpress.com
http://hyvelbenk.wordpress.com

 

Verktøyliste

Detaljert informasjon om høvelmaking og aktuelt verktøy finn du på ein serie med bloggpostar på denne adressa. http://skottbenk.wordpress.com/category/golvbord/snikring-av-golvplogar/ 
Sjå gjerne gjennom denne informasjonen før kurset.

  • Høvelstål
  • Eit godt, og gjerne litt kraftig ¾” eller 1” tappjarn til grovhogging av sponrommet, + klubbe.
  • To smale jern til forming av sidene i kilegangen. 3-6mm og 8-10mm er omtrent passe.
  • Et superskarpt gjerne litt langt og tynt jern til finforming innvendig i sponrommet.
  • Ein god skarp kniv
  • Treskjærejern kan være fint å ha om du ønsker å lage litt enkel dekor.
  • Ein god høvel egna til finhøvling + gjerne ein liten støthøvel.
  • Bakksag eller anna god fintanna sag,
  • Rotterumpe, -smal sag til saging av kilegang.
  • Bor eller navar på ca 4-5mm
  • Fast og stillbar vinkel + gjerne ein gradvinkel/gradskive.
  • Tommestokk, (linjal?), blyant, strekmot(ripmot) og rissnål

Alt skjærande verktøy bør vere kvest og klart til høvelmakinga.



Påmelding innan 19/2-24 til oyvind@romsdalsmuseet.no

For spørsmål
Øyvind H. Vestad, 995 49 894 oyvind@romsdalsmuseet.no

Overnatting

Dei som vil kan ligge i sovepose på Reknesstabburet. Ellers så har Molde mange hotell i gangavstand frå museet.

Scroll til toppen