Folkesongkurs med Kine Iselilja Gyldenskog

Tidspunkt
19:00-20:30
Priser
- Voksne: 150,-
- Barn: Gratis
Folkesongkurs
Folkesongaren Kine Iselilja Gyldenskog er busatt i Kristiansund på Nordmøre. Ho vart ferdig med sin bachelor frå Ole Bull Akademiet våren 2018 der ho fordjupa seg i den rike songtradisjonen frå Møre og Romsdal med fokus på Nordmøre og Romsdal. Kine har vore mykje nytta som kurshaldar, songlærar og har hatt konsertar både i inn og utland. No er ho tilsett som dagleg leiar i Festspillene i Kristiansund, og tar på seg oppdrag som frilans folkemusiker i tillegg.
Kine sitt repertoar går frå nydelege bansuller til artige småstubbar og dramatiske skillingsviser. Ho har arbeidd mest med repertoaret etter kjelda Magnhild Havdal Almhjell frå Tingvoll og notesamlingane til Edvard Bræin.
Dette kurset passar for alle som er glad i å synge, om du berre vil lære litt om folkesongen frå Nordmøre, synge i lag med andre eller utvide repertoaret ditt.
Påmelding
Påmelding skjer til anna.gjendem@vitimusea.no
Arrangør: Folkemusikkarkivet i Viti og Nordmøre museum
Andre aktiviteter fra Kristiansund
Bacalaokonkurransen 2023
Velkommen til årets bacalaokonkurranse. Denne tradisjonsrike konkurransen holdes for 27. gang. Vi er på jakt etter folkets beste bacalao. Nytt i år er at vi kun har folkets klasse.