Hopp til hovedinnhold

Heilskapleg samlingsutvikling

  • Bilete frå befaring i gardshuset i Skeidsdalen i Gjemnes

Mål for 2025: Nordmørsmusea iverksett plan for heilskapleg samlingsutvikling.

 

I 2025 har vi jobba med samlingane våre i tråd med nytt planverk, som vart vedteke i mars. Vi har samstundes flytta hovudsetet vårt inn i Normoria, til nytt regionsmagasin, konserverings- og reingjeringsrom, varmekammer, kontor, formidlingsrom og utstillingsareal. Store delar av året har gått med førebuing og innflytting, å bygge ny hovudutstilling, samt å klargjere lokala for mottak av gjenstandar.  Alle våre tilsette har bidrege i prosessen, og vi har fått god bistand frå konservator ved Romsdalsmuseet. Utstillinga omfattar gjenstandar frå museets eiga samling, frå NTNU Vitskapsmuseet, Viti og Nationalmuseet i København.

Arbeidet har vore nyttig for samlingsforvaltninga. Det tydeleggjorde behovet for ei meir grundig kartlegging av samlinga, spesielt dei delane som ennå ikkje er digitalisert. Denne oversikta gjev eit betre grunnlag for vidare planlegging.

Vi har utvikla gode rutiner for inntak, avhending og revisjon, og sidan 2023 har museet hatt eit samlingsråd der fire tilsette handsamar saker fortløpande. I 2025 kom det inn 33 saker til handsaming i samlingsrådet, 12 vart godkjent for inntak, og 20 gjenstandar innlemma i samlinga, som gjenstandar eller rekvisittar. Det vart registrert to avhendingar.  Digitalisering og registrerer av ting, arkiv og foto skjer fortløpande og i samarbeid med andre instansar, som IKA MR.

I 2025 lyste vi ut etter og tilsette to nye samlingsforvaltarar, og vi kjem i tida framover til å vidareutvikle kapasitet og kompetanse innan samlingsforvaltning i heile museet. Dette gjeld også bygnings- og fartøyvernsarbeidet vårt, og arbeidet med ivaretaking og utvikling av levande samling. I 2025 har vi starta opp arbeid med innsamling knytt til Svanviken arbeidskoloni.

Vi sitt i fagrådet for konservering ilag med Romsdalsmuseet og Viti. For 2025 vart det avtala at fylkeskonservator skulle prioritere konservering av gjenstandar som var planlagt inn i hovedutstillinga vår. Seks gjenstandar vart sendt inn til konservering. Fylkeskonservator brukte i tillegg fleire dagar på gjenstandsmontering i utstillingslokalet. Vi deltek også i Privatarkivnettverket i Møre og Romsdal som koordinerast av IKA Møre og Romsdal og har jamne møter i nettverket.

Statistikk på samling

 

Objekt

Tal per 31.12.25

Endring (2024-2025)

Kunsthistoriske gjenstandar

18

0

Kulturhistoriske gjenstandar

49 339

804

Arkeologiske gjenstandar 

1 004

929

Fotografiar

272 655

6 565

Vassgåande farkostar i drift

14

5

Vassgåande farkostar ikkje i drift

122

34

Landsgåande farkostar i drift

1

0

Landsgåande farkostar ikkje i drift

3

0

Kulturhistoriske bygningar

89

2

Teknisk industrielle anlegg

1

0

Kulturlandskap

2

0

Hageanlegg

6

1

Bygningsmasse

16 094 m2

 

Levande samlingar

2 251 planter

 

Levande samling

 

I Svinviks arboret er det i 2025 gjort eit større arbeid med kartlegging av levende samling. Vi har jobba med å samanfatte registeringer, dokumentasjon og tilstand for plantesamlinga, noko som er naudsynt for framtidig innføring i PRIMUS og skjøtselsrutiner. 

 

Vi har gjennom dette arbeidet avdekka behov for skjøtselstiltak knytta til plantetrivsel og plantehelse i store deler av samlinga. Arbeidet er pågåande, og det bygger opp mot nye arbeidsrutiner gjennom retningslinjer og praktisk arbeid.  Vi har også jobba med å utføre og vise berekraftig skjøtsel og forvaltning, kor også biologisk mangfald vert vektlagd gjennom synlege skjøtselsvalg, utplasserte biologiske stasjonar, i omvisingar og gjennom oppslag i aktuelle områder.

 

Det har gjennom året vore arbeida mye med tematikk rundt spreiing av framande artar, både opp mot forskrift og lovverk, som ledd i formidling og med gjennomgang av historisk dokumentasjon. Som skjøtselstiltak er det gjort prioritering om registrering og avgrensing av frøplanter av framande artar knytta til arboretet sine utkantar. For fysiske tiltak var desse prioritert i 2025: rododendron, kjempespringfrø, lupin, gullregn, sypress, tuja og gyvel. 

 

Kartlegging av samlingas større tre har vore viktig arbeid. Allereie i januar starta arbeidet med å blinke ut faremoment. Arbeidet er viktig med tanke på samlingas alder og at mange tre har vekst seg store. Det kan utgjere ei fare sett opp mot ivaretaking av samlinga, tilsette og publikum. Kartlegginga skal søkje å forutseie hendingar knytta til alder, sjukdom, vekstforhold og klimatiske utfordringar. Storm og nedbørsskader hausten 2025 aktualiserte dette behovet, gjennom nedfall og brekkasje i store deler av samlinga i Svinviks arboret, ved Åsen bygdemuseum og andre stader i museet. Opprydding etter dette er krevjande og vil halde fram gjennom 2026. 

 

I forvaltninga av Svinviks arboret er gjennomgang av tilgjengeleg historisk dokumentasjon vore ein viktig faktor gjennom året. Gjennomgang av dagbøker, plantelister, korrespondanse m.m., gjev uvurderleg innsikt i dei tidlege delar av samlinga si historie, og peiker mot samlinga sitt innhald, kor ho kjem frå og viser hendingar og plantemateriale som ikkje lenger er her eller er synleg. Dette er tidkrevjande, men naudsynt for god forvaltning og forståing av samlinga.