- 1/1
Godt tørka Nordmørsfuru vert handsama av frivillige fartøyvernarar i teltet på Bekhuskaia, Mellemværftet Stein-Gunnar Sommerset
Bukkane er ein del av vogna som skal fylgje fartøyet opp eller ned slippen. Dei kan skyvast att og fram slik at skroget lettare kan støttast opp. Ta gjerne ein kikk på lillehælinga neste gong du susar forbi, og sjå sjølv korleis det fungerer!
Dette arbeidet vert gjort av medlemar av Mellemværftet Fartøyvernforening og Kystlag, eit lag frivillige med formål å medverke til å verne om det freda Mellemværftet.
Eit slitent arbeidstelt er førebels reist på Bekhuskaia slik at dei frivillige skal kunne stå under tak i ly av regn og vind under arbeidet. Der har dei laga seg eit solid arbeidsbord. Utstyr og verktøy har dei høve til å låse inn.
Vi i museet har eit tett og godt samarbeid med det frivillige laget. Arbeidet med mellomhælinga vil vonleg skape enno tettare band mellom dei frivillige og oss museumstilsette. Pål Ødegård er eitt av medlemane i laget – med eigen veteranbåt. Vi har stilt han nokre spørsmål imellom øktene:
SGS: Mellemværftet Fartøyvernforening og Kystlag (MFK) er ei foreining frivillige med formål å bidra til bevaring av Mellemværftet. Kva er det du held på med akkurat no?
PØ: Eg held på med å lage delar til midtslisken. Vi er no ein gjeng medlemar som har tatt på oss å lage delar i treverk og stål. Vi er komne godt i gang, vil eg seie, men vi har og mykje igjen. Det er ein ganske stor jobb, ser vi. Og så er det å klare å finne ut kva slags metodar som er effektive. I innleiinga prøvde vi og feila litt, men no trur eg vi har funne ut korleis vi skal gjere det. Vi er ferdig med ein bukk no. Eg har og vore med i smia og laga beslag og boltar. Seinare blir det midtrenne og sidesliskar, slagbeite og fleire delar til slippen.
SGS: Mange av medlemane eig sjølv fartøy som ligg ved pirane her ved Mellemværftet. Kva med deg, kva er motivasjonen for å vere medlem i MFK?
PØ: Det er heilt klart ein motivasjon at vi har båt. Samtidig er det jo kjekt å bidra til å halde Mellemværftet levande og ta vare på det. Eg har vore her i over førti år, så eg byrjar jo å få eit forhold til det. Dei fleste som arbeider her no har eigen båt liggande her, men det er og nokre som ikkje har båt. Det er jo av interesse å få satt opp båten på slipp, så det er kjekt at vi kan få bidra til å halde dei i orden.
SGS: Museet har hatt drift her på Mellemværftet sidan 1984, og to av slippane vart då satt i stand for å ta imot jekta «Pauline» frå Steinkjer Museum. Kva tenker du museet medverkar til no?
PØ: Eg syns at bidraget til museet i denne jobben her er heilt prima; vi deler på oppgåvene. At arbeid under vatn, støyping og slike ting vert organisert av museet, er kjempefint. Og så er det kjekt å ha den kontakta. At vi jobbar litt saman, trur eg er veldig sundt. Dette styrker samhaldet, og det vert lettare å samarbeide når ein har eit felles prosjekt.
SGS: Dette er eit freda, industrielt kulturminne frå 1800-talet. Fredinga skal ikkje vere til hinder for at verftet framleis skal kunne vere i bruk som skipsverft. Kva tenker du om dagens bruk av Mellemværftet?
PØ: Det er heilt supert for oss som har gamle båtar, men eg tenkjer og at det kunne ha vore meir aktivitet her; ein kunne ha fått prosjekt hit – med støtte kanskje – som meir profesjonelle har restaurert, slik andre har fått det til lenger sør… Det er eit potensiale her for å få gjort mykje meir!
Lurer du på kva midtrenne, slisk og slagbeite tyder? Ja, då får du spørje Pål Ødegård eller ein av dei andre frivillige som arbeider her på tysdagar framover!
- 1/2
Gamal bukk frå mellomhælinga Stein-Gunnar Sommerset - 2/2
Nye bukkar til mellomhælinga Stein-Gunnar Sommerset