Hopp til hovedinnhold

Førjulskonsert med Gro Kjelleberg Solli og Runa Kvalsund

Surnadal Åsen bygdemuseum
6650 Surnadal, Norge
28. nov. 2026
Informasjon om tidspunkt kjem!
  • 1/1
    Maja Frønes

Folkesongarane Gro Kjelleberg Solli og Runa Kvalsund inviterer til ei varm og kontemplativ konsertoppleving med salmar, viser og stubbar tradisjonelt knytt til jula. Frå den eldste daterte adventssalmen frå 1569 til skjemteviser om reven, tek dei publikum med på ei stemningsfull reise gjennom fleire hundre år med juletradisjonar.

Resultatet er eit nært og levande møte med folketonetradisjonen – eit pusterom i førjulsstria for store og små.

Gro Kjelleberg Solli er utdanna folkemusikar og musikkpedagog. Ho har gjort fleire plateinnspelingar, blant andre med trioen Tre begrædelige piger (2005) og soloplata Stien eg fann (2018). Ho syng folketonar frå Nordmøre og Østerdalen på konserten.

Runa Kvalsund er folkesongar og låtskrivar frå Trondheim, utdanna ved Norges musikkhøgskole. Ho syng tradisjonsstoff frå Sør-Trøndelag og Nordmøre. Ho turnerer elles med gruppa Sluppen Grafokordlag, og underviser i folkesong.

På konserten får vi høyre dei synge solo og saman, akkompagnert av strengeinstrument – mellom anna med ein kopi av Kraviklyra, som skal vere det eldste instrumentet som er funne i Noreg.

INFORMASJON OM BILLETTSAL KJEM!