Press dine eigne epler hos oss
Har du mykje eple i hagen i år, og har lyst til å lage din eigen eplemost?
Denne ettermiddagen kan du få pressa frukta di hos oss, og få med deg nydeleg most heim, til glede utover hausten og vinteren! Kom gjerne innom om du berre har lyst til å sjå, og ta ein tur i den haustfine hagen også.
Vi kjem også til å ha noko frukt frå hagen i Svinvik som du kan kjøpe og presse.
NB! Alle som vil presse må ha med eigne flasker/emballasje. Det er viktig å hugse å reingjere det godt på førehand.Om det kjem mykje folk kan det bli litt ventetid, men da passer det godt å ta ein kaffekopp og eplekake i kafeen i mellomtida.
Tilbodet gjeld for deg som vil presse litt til privat bruk.
Litt om mengdeforhold: Erfaringsvis blir ca. 10 liter eple til ca. 5 liter ferdig most.
Velkomen!