Hopp til hovedinnhold

Den kulturelle skolesekkken i Gjemnes våren 2026

  • Gammel skoletime, bilde av elev tatt bakfra. I bakgrunnen står en gammeldags lærerinne
    Elevane fekk på seg gamaldags kostyme og satt som små ljos i timen. Silje Gulstad for Nordmørsmusea |

I samarbeid med båe fylkes-DKS og den lokale kulturelle skulesekken har Nordmørsmusea gjennomført to formidlingstilbod i Gjemnes kommune.

I byrjinga av mai, i overraskande snøver, var arkeolog Jarle Stavik på besøk ved Batnfjord skule. Der hadde dei opplegget Bronsealderkofferten. Ei klasse fekk vere ein dag i bronsealderen med historieforteljing, utforsking av kopiar av ekte bronsealderfunn frå Møre og Romsdal og tidstypiske aktivitetar. Mellom aktivitetane var tinnstøyping og bogeskyting.

I slutten av mai gjennomførte vi Ein gammal skuledag på Fagerlia skule. Dette var eit godt samarbeid mellom Nordmørsmusea, Gjemnes kommune, Gjemnes historie- og museumslag og Fagerlia bygdelag. Der fekk 3. og 4. trinn i kommunen oppleve ein skuledag slik han kunne ha vore for 100 år sidan. Det var rettskriving både på tavle og med blekk og penn, salmesong og timar der barna fekk lære via gammaldagse skuleplansjar. Ute i friminutta fekk dei lære gamle songleikar og prøve seg på gamle barneleikar som å springe med tønneband og kaste på stikka. Alt vart overvaka av den strenge prestefrua som kom for å passe på at alt vart gjort rett. Og sjølvsagt vart det delt ut tran til alle barn som ville prøve.

 

 

  • To formidlere i kostyme, en streng prestefrue og en blid lærerinne, kledd ca 1920
    1/4
    Den strenge prestefrua og den snille frøken Tomassen Silje Gulstad for Nordmørsmusea
  • Formidler kledd historisk i tidsutrykk fra jernalder i snøvær
    2/4
    Arkeolog i hardt vér Nordmørsmusa |
  • Barn i snøvær driver med håndarbeid
    3/4
    Elever fra Batnfjord skole pusser på smykker dei har vore med på å støype i tinn Nordmørsmusa |
  • Bilde tatt i skolestuen Fagerlia. I forgrunnen penn i blekkhus med et øvingsark hvor et barn har øvd på bokstaven å
    4/4
    I timen fekk elevene øva på å skrive løkkeskrift med penn og blekk. Silje Gulstad for Nordmørsmusea |