Hopp til hovedinnhold

Foredrag om bergkunst i Nord-Europa

NB! Arrangementet har funnet sted

Bli med på ei spanande reise i bergkunstens landskap og sjå korleis bergkunst i samspel med berget og omgjevnadane kan gi oss ny kunnskap og nye tolkingar av desse fasinerande historiene festa i berget for mange tusen år sidan.  

Tingvoll museum
Reitvegen 61, 6630 Tingvoll, Norge
15. okt. 2025
19.00 – 20.00
  • 1/1

Bergkunst og den lengste reisa - 11 000 år med bergkunst frå Nord-Europa

I meir enn 25 år har Jan Magne Gjerde reist gjennom bergkunstens landskap i Nord-Europa. Det finst meir enn 300 lokalitetar med bergkunst frå Steinalderen i Nord-Europa (Noreg, Sverige, Finland og NV-Russland).

Foredragshaldaren har gjennom omfattande feltarbeid vitja mesteparten av dei.  Medan ein tidlegare var mest opptatt av sjølve motiva i bergkunsten har ein dei siste tiåra synt at landskapet og berget i seg sjølv kan seie meir om bergkunsten og kvifor den er laga akkurat der den er.

Fleire av scenene og komposisjonane trer fram som reine teiknefilmar frå steinalderen til tider i samspel med naturelement i berget. Nokre gongar er det tydeleg at helleristningane inneheld geografiske referansar som tidvis kan minne om kart. I tillegg har ny teknologi gjort at me kan sjå meir i berget enn det ein tidlegare kunne sjå med det blotte augo.

Bli med på ei spanande reise i bergkunstens landskap og sjå korleis bergkunst i samspel med berget og omgjevnadane kan gi oss ny kunnskap og nye tolkingar av desse fasinerande historiene festa i berget for mange tusen år sidan.  

Arrangementet er gratis.