Eit mangfald av historie
Ein stor del av museet er bygningssamlinga, der ulike typar tradisjonelle bygningar frå området er representert. Museet har to freda bygningar: ei røykomnstue og eit stabbur med to tømmerkassar. Inne i hovudbygningane finn du små temautstillingar om lokalhistoriske emne og handverk av ulike slag.
Åsen har også ei historie som kommunal pleieheim frå 1910 og fram til tidleg på 1970-talet. Dette var føregangaren til dagens sjukeheimar, og eit av få offentlege tilbod for pleietrengande i vår nære fortid. I denne perioden var garden forpakta bort og leverte varer til storkjøkenet, samstundes som bebuarane ved institusjonen deltok i gardsdrifta etter evne.
Museet gir innblikk i dei ulike epokane i historia på Åsen, og utstillingane og samlinga speglar ulike sider ved samfunnet, både lokalt og regionalt, gjennom tida.
Museet tilbyr omvisingar for grupper etter avtale, i tillegg til opne arrangement som blir kunngjorde under «Hva skjer?».
Besøk museet på eiga hand
Hugs at museumsområdet alltid er ope, også når utstillingane ikkje er tilgjengelege. Museet nyttar appen Kulturpunkt, som du kan laste ned gratis. Her finn du enkelt tekst, bilete og annan informasjon om dei ulike museumsbygningane ved hjelp av QR-kodar. Kan også brukast utan appen, så lenge telefonen din kan lese QR-kodar.
Skular og barnehagar
Museet tilbyr opplegg for barnehagar og skular i vår- og haustsemesteret. Alle tilbod som kan bestillast for skular, vil i løpet av våren 2026 bli tilgjengelege i oversikta over skuletilbod i Nordmørsmusea på heimesida.
Fleire opplevingar i området: Kavlvegen kultursti – tur med historisk forankring
Ved Åsen bygdemuseum finn du Kavlvegen kultursti med startpunkt på museet. I det same området ligg ein kavlveg som er datert til 1160-talet. Ved å leggje treverk over myra kunne ein ferdast lett, sjølv der det var svært vått, og denne teknikken er vidareført på delar av turstien. Eit stykke av den nye stien er ein kopi av den originale trekonstruksjonen som ligg bevart i myra, medan andre delar består av stien består av ein forenkla og modernisert variant, samt strekningar med grusdekke.
Parkeringsplassar for turstien finn du ved innkøyringa til museet og på tilvist plass oppe forbi låven. HC-parkering og tilkomst til Kavlvegen kultursti finst òg frå Galtmettet, ved FV670, om lag 1 km frå Åsen bygdemuseum i retning Skei.
Turbeskriving frå begge startpunkta: klikk her.
- 1/7
Utstilling av drakt på Åsen bygdemuseum - 2/7
Strikket og brodert kirkevott fra Surnadal - 3/7
Bok gitt i gave fra Patrick musters til Pollie Musters - 4/7
Vevloftet på Åsen bygdemuseum. - 5/7
Tunet på Åsen bygdemuseum - 6/7
Detalj fra treplanke fra Utistuburet på Åsen. TLØF IONSON 1622. - 7/7
Slik var det på Åsen en gang i tiden. Fylkesfotoarkivet