Vil du utdanne deg til tradisjonshandverkar hos oss i Nordmørsmusea?

Vil du utdanne deg til tradisjonshandverkar hos oss i Nordmørsmusea?
Vi søkjer to nye næmingar med arbeidsstad Geitbåtmuseet - Husasnotra, i Heim kommune. Stillingane er 100 % stillingar over 3 år, med avsluttande byggeprosjekt og dokumentasjon i samband med dette. Næmingeprosjektet er ei treårig ordning for kompetanseheving av handverkarar ut over sveinebrev, i hovudsak basert på grunnleggjande kunnskap.
Kva er ein næming?
Ordet stammar frå næm, som i lærenæm, og er sagt om ein person som lett tek til seg ny kunnskap.
Som næming er du i arbeid frå første dag og får opplæring i handlingsboren kunnskap med tid for refleksjon, øving og kursing undervegs i næmingeperioden. Vi vil overføre kunnskapen om korleis vi bygger med hjelp av dei eldste byggesystema. Det vil seie at vi er nøydde til å felle skog og bearbeide material sjølv. Til dette brukar vi ulike handverktøy slik det vart gjort i generasjonane før oss.
For å få godt handlag med verktøya trengs det mange timar med øving, og det er dette vi legg vekt på i næmingetida. Husasnotra er serleg tufta på det nære samarbeidet med Jon B. Godal og arven etter dei tradisjonsberarane han dokumenterte på 80- og 90-talet.
Spisskompetanse
Vi har målsetting om spisskompetanse på kystkulturen - med naust, brygger og båtar, og vi utfører arbeid på freda og verna bygg. I tillegg vil det bli bygd nybygg som eigne definerte læreprosjekt der næmingane får meir og meir sjølvstendig ansvar. I opplæringa fokuserer vi mellom anna på
· overføring av handlingsboren kunnskap
· laft, stavline og andre tradisjonelle reisverk, tekking og kleding
· plukkhogst og behandling av virke på rot
· paging i samarbeid med lokale aktørar
· vassgått og naturtørka virke
Som lærestad samarbeider vi og med andre utdanningsinstitusjonar som NTNU og fagskule.
Krav til deg som søkjar
· Du er mellom 25-35 år, kandidatar i andre aldersgrupper vil bli vurdert.
· Du har grunnleggjande interesse for tradisjonell tømring/bygningsrestaurering og yrkeserfaring, realkompetanse tilsvarande svein i faget.
· Du har lyst og evne til å rettleie og lære bort til andre.
· Du har god samarbeidsevne og kan jobbe godt både ilag med ei gruppe og åleine.
Vi stiller med
- eit unikt læringsopplegg etter anerkjend metode.
- eit kunnskapsrikt og kreativt arbeidsmiljø.
- løn etter tariffavtale.
For meir informasjon, kontakt avdelingsleiar Lisabeth Syltøy Fiske, tlf. 452 98 110 eller bygge- og arbeidsleiar Torgeir Leivdal tlf. 992 69 655.
Tiltredelse snarast.
Søknadsfristen er 15. april 2023. Søknad med CV sendes til lisabeth@nordmorsmusea.no
