Tingvollia - frå gard til museum

Tingvollia - frå gard til museum
Slått i Tingvollia. Foto: O.A. Bugge

Garden Lia - eller Tingvollia - var i drift som gardsbruk fram til 1954. Då vart tunet museum, og no er husa innreda slik at du kan oppleve korleis sjølvefolket, drengen, faster og ungane bodde og arbeidde. Tidsepoken er frå ca 1850 til 1940.

Den siste slekta som budde her, stammar frå Markus Augustinusson Settem og kona Maret Josvasdotter Møkkelgjerd. Dei kjøpte garden i 1844. Sonesonen Anton og søstrene Dordi og Maret var dei siste brukarane. Vi finn garden i matrikkelen heilt tilbake til 1335, og arkeologiske funn tyder på at det har vore folk her heilt tilbake til vikingtida.

Dei husa som har stått her sidan garden var i bruk, er stuebygninga, stabburet, fjøset og kornløa.

Stuebygninga - eller våningshuset - er bygd i 1845 av Markus og Maret. Sonen Augustinus og svigerdotra Maret sørgde for at det vart bygd kårende mot aust.

Stabburet er eitt av dei eldste husa på garden. Det står på stabbar med treheller og har trappa i god avstand frå veggen, slik at musa ikkje skal komme til.

Fjøset med låve vart bygd i 1898. I dag huser fjøset kontor og har kjøken og sal som kan leigast ut til møter og arrangement. På låven er det verkstad og magasin.

Kornløa er eit av dei eldste husa på garden, og var brukt til trøsking og lager for kornet som var dyrka i Lia.

Etter at garden vart museum er fleire bygningar flytta hit: Smia, Strandsittarstua/plasstua, kverna, saga og skulebygninga Bugges Minde.

Bugges Minde var opprinneleg sett opp der Tingvoll barne- og ungdomsskule ligg i dag. Den vart brukt til skule frå 1945 til 1903, den var kommunestyresal fram til 1947 og lærar- og klokkarbustad til 1960. I dag er eitt av romma i andreetasjen innreidd til butikk, slik landhandelen var i tida rundt siste verdenskrig.

Lia er ein gard med flott utsikt over Tingvollvågen og nordmørsfjella i aust. Både sommar og vinter blir Lia brukt som utgangspunkt for turar i nærområdet eller innover skogen og fjellet.

Scroll til toppen