Tingvoll, tekstilbygda på Nordmøre

av Marianne Nystad

Tingvoll, tekstilbygda på Nordmøre
Tingvold Uldvarefabrik, ca 1930. Foto: Widerøe's Flyveselskap a/s

Det starta i 1898 då Surnadalingen Ingebrigt A. Grimsmo fekk etablert Tingvoll Ullvarefabrikk ved Rimstadelva i Tingvoll. Aktiviteten voks raskt og nådde ein topp i 1939 med 230 tilsette. Ullvarefabrikken var då den største industriarbeidsplassen på Nordmøre, og den første store industriarbeidsplassen for kvinner. I dag er det to tekstilbedrifter på Tingvoll, Krivi Vev og Møre Bånd og Vev, også i dag med mange kvinner i arbeidsstokken.

Historia til tekstilproduksjonen på Tingvoll er ein del av ei stor, omfattande omdanning av samfunnet. Produksjonen av klede vart gradvis flytta ut frå heimane og inn i fabrikkane. Utviklinga gav både utfordringar og nye mulegheiter, og endringane var størst for kvinnene. 

Produksjon av stoff i heimane

Fram mot 1900 vart det aller meste av klede produsert i heimane, sjølv om ferdigkjøpte plagg også forekom.  På 1500-tallet var alle gardsbruk pålagt å ha sau, for å kunne kle opp leiglendingar og tenestefolk. Opp gjennom tidene har tøy og sko vore ein vesentleg del av lønna for tenestefolket, og kleda var noko av det mest kostbare folk eigde.  Fram til 1900 var det vanleg at både store og små gardar hadde sau, og kvinnene klipte, karda, spann, vov og strikka. Mange dyrka også lin og laga lintøy, og kvinnene brukte svært mykje av tida si på å lage og stelle klede. Dei hadde arbeidet sitt på garden og i heimen, og hadde ikkje eiga inntekt. Kvinnene var som regel avhengige av slekta og garden og måtte finne seg ein plass i eit mannsdominert samfunn.

Flytting inn i fabrikkane

Norsk Tekstilindustri oppstod ved fossane langs Akerselva i Oslo midt på 1800-tallet, og i resten av landet frå 1870 og utover. Norsk ull og vasskraft var verdifulle ressursar. I tillegg til drivkraft, treng produksjon av tekstilar mykje ferskvatn til vasking og skylling, og produksjonen vart lagt til elvar med god vassføring.  Ullvarefabrikkane låg spreidde utover landet, og var avhengige av bønder som kunne levere ull til oppkjøparar eller direkte til fabrikken.

Fabrikken på Rimstad i Tingvollvågen starta i 1898 med ein arbeidsstokk på 12 menn og 14 kvinner.

Fabrikken opna opp for at kvinner kunne få eiga inntekt og bli langt meir sjølvstendige. Jentene starta gjerne på fabrikken etter dei var konfirmerte, og mange slutta dersom dei vart gifte og fekk barn. Men på Tingvoll Ullvarefabrikk arbeidde også mange ugifte, enker og einslege mødre.  Dette er forhold som er lite omtala i jubileumsskrift og andre kjelder, og Tingvoll museum arbeider no med å samle opplysningar om kva innverknad fabrikken fekk på samfunnet rundt, og særleg på levekåra til mange kvinner.

Dordi Tingvoldlid (Dosi), var ei av kvinnene som arbeidde heile livet på ullvarefabrikken. Ho kunne tatt over Tingvollia, garden som no er Tingvoll museum, og levd livet som bondekone. Men då måtte ho helst ha ein mann å dele oppgåvene med, og Dosi gifta seg aldri. Ho vart ein sentral person på stoffutsalet på fabrikken, vart økonomisk sjølvstendig og bygde seg etterkvart eit eige hus i Tingvollvågen. Dette er ei av mange historier som viser at kvinnene på grunn av tekstilindustrien i bygda, kunne gjere val som var heilt utenkjelege berre ein generasjon tidlegare.

Avansert system for omsetting og sal

Dei første åra satsa Tingvoll Ullvarefabrikk mest på leigearbeid. Det vil seie at folk som hadde ull eller filler leverte dette til fabrikken og tok ut varer som ullstoff, pledd og garn. Fabrikken fikk ein tøff start med nedgangstider og raude tal, og var på konkursens rand i 1903. Då gjorde den gamle gründeren I.A. Grimsmo eit dristig og godt val. Han tilsette den 23 år gamle J.C. Grude frå Arna som disponent, og Grude sette straks i gang med endring og utbygging. Det er sagt om Grude at “Han hadde en sjelden innsikt og godt grep på tingene, og resultatet var at fabrikken, og folk, begynte å trives». Han leia Tingvold Uldvarefabrik i 17 år.

Grude satsa på produksjon av kvalitetsvarer til ein overkommelig pris, og stoffa vart ettertrakta. Det vart etablert eit nytt fordelingssystem med 425 kommisjonærar fordelt over eit stort distrikt. Arkivet til ullvarefabrikken frå desse åra er nøyaktig ordna og svært godt bevart, og kan gje detaljert informasjon om korleis systemet fungerte. I samarbeid med Interkommunalt Arkiv i Ålesund har Tingvoll museum systematisert og sikra sentrale delar av dette arkivet. Materialet er lagra ved Tingvoll bibliotek og er eit godt utgangspunkt for vidare forsking.  

At fabrikken gjekk godt frå 1904 og framover, har mykje med konjunkturar å gjere.  1904 var eit av de aller beste åra for sildefiske i Norge, med store inntekter. Ei anna årsak var brannen i Ålesund 22. januar 1904 som gjorde 12 000 menneske kleslause, og etterspørselen etter tekstilar voks. Elles var tida frå 1906 til 1916 ei samanhengande oppgangstid, som også Tingvoll fikk nytte av. Dette er nokre eksempel på at utviklinga av tekstilindustrien på Tingvoll kan knytast opp mot mange sider ved  utviklinga på Nordmøre og i landet elles.

Tekstilhistoria speglar kvinnehistoria

Ser ein litt ekstra på situasjonen til kvinnene, kan vi trekke fram LO-kongressen som i 1925 påla dei fagorganiserte og tillitsmennene deira å motarbeide at både mann og hustru tok fast arbeid. Om dette fekk konsekvensar på Tingvoll, er eit av mange spørsmål som kan stillast i det vidare arbeidet. Vi veit også at pensjonsordningane kunne vere ulike for menn og kvinner. Pensjonsfondet til Tingvoll Ullvarefabrikk vart oppretta i 1918 og var eit stort gode før folketrygda vart innført. Pensjonsfondet betalte ut pensjon frå ein fylte 70 år, - men kvinnene slutte når dei var 68 år, og mennene når dei var 70. Kvinnene måtte altså spare i mange år for å ha noko å leve av desse to åra.

Konkurranse og marknadstilpassing

Bekledningsstoff var det viktigaste produktet frå Tingvoll Ullvarefabrikk. Etter kvart kom billege varer frå lågkostland, og konkurransen vart hard. Mange tekstil- og konfeksjonsbrikkar i Norge vart lagt ned frå 1960 og utover, og Tingvoll Ullvarefabrikk fekk store problem på midten av 60-talet. 

Samtidig voks nye marknader fram. Etter 2. verdskrig vart det etterspørsel etter møblar, og på Sunnmøre fekk møbelindustrien gode tider. Sellegrens Veveri AS i Trondheim satsa stort på møbelstoff, og fabrikkane på Sunnmøre vart viktige kundar. Sellgrens Veveri hadde ein fabrikk på Leangen ved Trondheim, og i 1960 hadde dei 29 moderne vevstolar. Men fabrikklokala var dårlege, og i 1967 kjøpte Sellgren kraftstasjonen og fabrikkanlegga til Tingvoll Ullvarefabrikk. På Tingvoll var det nyleg bygd eit stort, nytt fabrikkanlegg på 6 500 kvadratmeter, men maskinparken var sliten. Sellgren hadde bruk for all plassen og bygde på 1000 kvm til. 

Møbelstoff frå Sellgrens Veveri

Smålendingen Aksel Sellgren fekk tak i rimelege maskiner frå fabrikkar som vart lagt ned - først i Sverige der krisa slo til i 1950-åra, og så i Norge på 1960-tallet. Produksjonskapasiteten auka og omsetninga tidobla seg på 20 år. Frå Sellgren tok over Tingvoll Ullvarefabrikk og fram til 1975, vart det investert 8,5 mill. kroner på Tingvoll og 5,5 mill. på Leangen i Trondheim.

I 1984 avslutta Sellgren produksjonen i Trondheim og flytta alt til Tingvoll. Eigen kraftstasjon, gode lokale, ung og engasjert arbeidsstokk og distriktspolitiske verkemiddel, var alle faktorar som slo ut til fordel for Tingvoll. 

80-tallet innebar nye omstillingar og ei ny blomstringstid. Talet på tilsette var rundt 80, og ein satsa stort på møbelstoff og gardiner i moderne design. Størrelsen på produksjonen er vanskeleg å fatte, men i 1986 vart det brukt 1,3 millionar kilometer garn i vevstolane, noko som svarer til strekninga frå Nordmøre til månen over tre gongar.

I 1989 feira tekstilindustrien på Tingvoll sitt 100-års jubileum med stor fest. Same år  selde Sellgrenfamilien seg ut av selskapet, og ein konkurrent, Innvik Ullvare AS, vart ny hovudaksjonær.  Etter dette vart produksjonen bygd ned på Tingvoll, og 2013 var så godt som alle maskiner flytta til Sogn og Fjordane. Produksjonen av møbelstoff held fram i Innvik under varemerket Innvik Sellgren.

Tingvoll er fortsatt tekstilbygda på Nordmøre

Tekstilkompetanse og stabil arbeidskraft har gitt rom for knoppskyting og satsing på spesielle marknader og produkt, og Krivi Vev As er eit godt eksempel. Kristine Hagen starta å veve på ein låve i 1988, og bygde opp kompetanse på bunadsstoff i lin og ull. Støtte frå Nils Martin Sellgren var viktig for å komme i gang. I 1990 vart produksjonen flytta til Rimstad, der Tingvoll Ullvarefabrikk låg, og ein tok namnet Krivi Vev. Dei satsa på veving av linstoff og fekk god vekst, og 8 år seinare bygde Krivi sin eigen fabrikk på Saghøgda. Viktor Gautvik hadde jobba som produksjonssjef og dagleg leiar i Sellgrens Veveri, og var heilt sentral i utviklinga av Krivi Vev.  I 2001 slutta han i Sellgren/Innvik og tok over som dagleg leiar for Krivi. 

Krivi Vev AS har vore i jamn og god vekst, og har i 2016 over 20 tilsette og ei fabrikkbygning på 1200m2. Bunadsmarknaden er framleis den største, og ein har rekonstruert ca 80 forskjellege gamle bunadsstoff.  Ein satsar også på interiørstoff og spesialvevingar. Bedrifta har fast avtale med Utanriksdepartementet om levering til alle norske ambassadar, og har levert tekstilar til FNs sikkerheitssal. I tillegg tek dei oppdrag frå mote-designarar som vil ha spesielle produkt i silke og ull. Bedrifta brukar berre fornybare fiber i produksjonen, og er sertifisert som miljøfyrtårn.

Møre Bånd og Vev er siste grein på stammen til tekstilhistoria på Tingvoll. I 2010 etablerte Kjell Bulling bedrifta saman med Maria Aasprång og Viktor Gautvik.  Han starta med to nye bandvevemaskiner på Krivi Vev, og kjøpte opp Møre Båndveveri frå Langevåg på Sunnmøre.  I 2012 flytta dei til Rimstad, og no ligg fabrikken akkurat der veveriet til Tingvoll Ullvarefabrikk stod. 

Bedrifta produserer band til mange norske bunader, drakter og genserar. Dei seinare åra er strikking på nytt blitt mote, og gjennom samarbeid med unge designerar har bedrifta fått etterspørsel etter nye typer band. I 2015 kunne den unge, kvinnelege leiaren og medarbeidarane notere seg som Gaselle-bedrift.

Stort materiale

Store deler av arkiva til Tingvoll Ullvarefabrikk har vore lagra på loftet i det gamle administrasjonsbygget til fabrikken. Mykje av dokumenta var  godt bevarte, særleg frå tida til og med 2. verdskrig. 70 kasser med arkivmateriale er systematisert og flytta til tørt lager ved Tingvoll Bibliotek.

Avdelingane i Nordmøre museum har ulike område som dei skal spesialisere seg på og utvikle vidare, og tekstilindustrihistorie er ein sentral del av spesialiseringa ved Tingvoll museum. Museet er ein autentisk gard, og har samlingar og anlegg der vi kan vise korleis ein laga tekstilar før industrien tok over oppgåvene. Framover må vi velje kva delar av tekstilindustrihistoria vi vil fokusere på, og finne måtar å formidle slik at det blir spennande og aktuelt for målgruppene våre. 

I denne samanhengen er det viktig å trekke trådar til korleis klede blir produsert og omsett i dag.  Nye trendar tyder på at folk vil ha klede som varer, som dei veit kvar kjem frå, og at produksjonen er miljøvennleg. Mange vil også vere med å skape sine eigne klede gjennom å strikke og sy. Dette gir spennande perspektiv og opnar for samarbeid med Økokommunen Tingvoll og Tingvoll Økopark som er under etablering.

Kjelder:
Manus til historisk vandring i tekstilhistorie på Tingvoll, Helge Hegerberg 27.4.2014
Kring fabrikken, Tingvoll Ullvarefabrikk, John Rimstad 1999.
A/S Tingvoll Ullvarefabrikk og Sellgrens Veveri AS, til saman 100 år, Arnstein Rolland, 1998.
A/S Tingvoll Ullvarefabrikk 50 år, 1898 -1948, Bugge, 1948.
Bygdehistorie for Tingvoll og Straumsnes, band 2, Edvard Brakstad 1975.
En tråd gjennom 50 år, Axel Sellgren 1976.
Intervju med fabrikkarbeider Bjørg Wolden 2014 -2016.
Ren Ull, Ingunn Grimstad Klepp og Tone S Tobiassen , Aschehoug 2012

Tingvoll museum og tekstilhistorie

Tingvoll museum fekk i 2012 spørsmål om vi kunne ta vare på gjenstandar og stoffprøver frå ei lang og spennande tekstilhistorie på Tingvoll.  Gjennom eit Økokommuneprosjekt og delprosjektet «Grøn tråd», vart Tingvoll kommune og Møre og Romsdal Fylkeskommune med på å finansiere arbeidet. Museet fekk ein avtale med Innvik/Sellgren om å ta ut gjenstandar frå fabrikken etter at dei avvikla si drift her.  Museet sette i gang innsamling av gjenstandar, arkivmateriale og stoffprøver. Godt samarbeid med Krivi Vev og tidlegare tilsette på Sellgren og Tingvoll Ullvarefabrikk har vore heilt avgjerande.  Vi er også avhengige av hjelp frå dei til vidare arbeid med registrering av gjenstandar.

Artikkelen er fra Nordmøre museums årbok 2016

Scroll til toppen