Stifting av nytt museumsselskap - Nordmørsmusea AS

Fredag 21. oktober 2022 stiftas nytt museumsselskap på Nordmøre. Dette er ei historisk hending, og markerer slutten på ein lang prosess der kommunar, fylkeskommune og museumslag ilag med Stiftelsen Nordmøre museum, har jobba fram ein ny modell for samarbeid om den nordmørske kulturarven. Dette har resultert i stifting av eit aksjeselskap som eiges av kommunar, museumslag og fylkeskommune og som får ansvaret for å drifte og ivareta alle bygninger, samlinger, arkiv og kulturarv innan museet på vegne av eigarane.
Namnet på selskapet er Nordmørsmusea AS og selskapet trer i kraft 01.01.23.
Aksjonærane i det nye selskapet er Heim, Aure, Smøla, Kristiansund, Averøy, Hustadvika, Tingvoll, Sunndal og Surnadal kommune, Smøla museum, Norsk myrmuseum, Gamle Kvernes Bygdemuseum, Tingvoll museumslag, Sunndal museumslag, Geitbåt Eiendom AS og Møre og Romsdal fylkeskommune. Gjemnes kommune gjer sitt vedtak om deltaking i desember
Eg er både imponert og audmjuk over det arbeidet og innsatsen som er lagt ned i denne prosessen. Dette har vore ein open og ærleg prosess som har krevd mykje av alle involverte, og der vi no har landa på ein modell som vi har stor tru på. Dette hadde ikkje vore mogleg utan bistand og positive vedtak frå fylkeskommunen, i tillegg til stor innsats frå kommunane og museumslaga som er involvert.
Sjølve stiftingsmøtet finn stad i Caroline kino og konferansesenter i Kristiansund, kl. 11-13.
Styret i det nye selskapet er;
Ottar Brage Guttelvik (styreleder)
Lilli Husby
Jarle Sanden
Harald Mork
Bodil Børset
Vara:
Ragnhild Helseth
Ingrid Kvande
Anisa AdamPåtroppande styreleiar, Ottar Brage Guttelvik er glad for å verte valgt. - Dette er ein spanande modell for museet, og jobben vår vert no å vise at vi kan leve opp til det mandatet vi har som regionsmuseum for den nordmørske kulturarven, seier han. - Det har vore jobba godt i mange år ved dei ulike musea i regionen, og når vi no får samla oss endå betre om dette arbeidet forventer eg både eit meir synleg museum og eit museum som leverer på dei oppgåvene vi står ovanfor.
