Søk om tilskudd - Ein bit av historia

Søk om tilskudd - Ein bit av historia
Regionalt pilegrimssenter Smøla . Fotograf Heidi Marie Gøperød

Ein bit av historia

Regionalt pilegrimssenter Smøla lyser ut, behandlar og deler ut tilskot gjennom ordninga "Ein bit av historia". Vi er tildelt forvaltarrolle på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune. Den årlege potten er på kr 400 000, deler av denne er søkbar for nøkkelstader og andre som ligg langs Kystpilegrimsleia i Møre og Romsdal.

I tildelingsbrevet frå fylkeskommunen står det:
"RPS kan disponere midlane på eigne tiltak langs Kystpilegrimsleia, eller tildele dei til frivillige eller næringsliv, som ynskjer å arbeide med forvaltning eller verdiskaping rundt Kystpilegrimsleia. RPS står dermed i stor grad fritt til å prioritere tiltak i tråd meg eigne planar og strategiar."

Formålet med ordninga

  • Å gjere Kystpilegrimsleia til eit synleg og levande kulturminne, samanhengande og farbar.
  • Langsiktig vern av kulturminna langs kystpilegrimsleia.
  • Legge til rette for frivilligheit og formidling og skape trivsel, god helse og kjensle av å høyre saman.
  • Bidra til kompetanseheving og felles kunnskapsgrunnlag.
  • Næringsutvikling basert på kulturarv og -miljø.

Kva du kan søke om

I skjemaet kan du søke tilskot til tiltak som bidreg til utvikling av Kystpilegrimsleia og den historiske ferdselsåra i Møre og Romsdal.

  • Utviklingsarbeid for å fremme bevaring og bruk av kulturminne, for eksempel enkel istandsetting, skilting, skjøtsel.
  • Prosjektsamarbeid til arbeid med formidling av kulturminne knytt til dei historiske ferdselsårane, med særskilt vekt på nye løysingar for digital formidling.
  • Mobilisering til arbeid med materielle og immaterielle kulturminne.

Arbeidet må vere i tråd med antikvariske prinsipp. All kunnskap og innhald som skapast gjennom denne ordninga må vere ope for allmenta, slik at det får ein positiv effekt for lokalmiljøet.

Kven kan søke

Bedrifter, frivilligheit, organisasjonar og enkeltpersonar som legg til rette for den historiske ferdselsåra langs Kystpilegrimsleia.

Inntil 50% finansiering

Ordninga kan finansiere inntil 50% av kostnadane. Eigeninnsats (timebruk) kan inngå som del av eigenfinansieringa, med ein timepris på kr. 350. Du kan be om delutbetaling, men vi held att 20% av beløpet til vi har motteke sluttrapport med regnskap.

Rapportkrav

Søker må rapportere med ei vurdering av arbeidet, presentasjon av resultat og regnskap for prosjektet. Regnskapet signerast. Sluttutbetaling må skje innan 6 månader etter oppsatt sluttid for tiltaket/prosjektet.

Vi tek gjerne ein prat før du søker

Det kan vere lurt å ta ein prat med dagleg leiar ved Regionalt pilegrimssenter Smøla før du søker.
Ragnhild Godal, telefon: 918 06 446
Epost: ragnhild.godal@nordmorsmusea.no

Søknadsskjema "Ein bit av historia"

Scroll til toppen