Slåtteenger i Tingvoll

Av Geir Gaarder, Miljøfaglig Utredning

Slåtteenger i Tingvoll
Slått i Tingvollia

Tingvoll museum satsar spesielt på å drive med aktivitetsretta formidling av korleis det norske bygdesamfunnet har endra seg dei siste 150 åra . Eit viktig trekk har vore industrialiseringa av jordbruket, med auka bruk av importerte innsatsfaktorar og redusert kopling til det lokale ressursgrunnlaget. Konsekvensane for folk og landskap har vorte store. Også for naturmangfaldet er verknadene sterke, og i denne artikkelen vert søkelyset sett på dei gamle slåtteengene. Naturtypen er no sterkt truga, og på museet ligg ei av dei best ivaretekne engene i fylket. Ein årleg slåttedugnad i midten av juli fører både til at enga vert halden i hevd og at folk kan å lære om og sjølve bidra til å ta vare på restane av det gamle kulturlandskapet.

Bakgrunn

Mange vil nok med omgrepet «slåtteeng» berre tenke på ei eng der graset blir slått, gjerne som del av fôrproduksjon i jordbruket. Blant miljøinteresserte folk har derimot slåtteeng ei litt anna og meir spesifikk meining. Da vert dette helst definert som enger som i lang tid har vori hevda med slått og gjerne haustbeite, og som i liten grad har blitt jordarbeida, gjødsla eller tilsådd.

Slåtteengene høyrer til det gamle jordbrukslandskapet, slik det vart brukt fram til det moderne jordbruket med sine maskinar og intensive driftsmetodar utvikla seg for 50-100 år sidan. Samtidig har dei eit mangfald av planter og andre organismar som skil seg sterkt frå dei nye kulturengene som jordbruket forvaltar i våre dagar.

Kulturhistoria forsvinn med slåtteengene

Slåtteengene var tidlegare av stor verdi for bonden, sidan dei ofte var den viktigaste kjelda til fôret som skulle halde liv i husdyra over vinteren. Engene og dei bruksformane og tradisjonane som var knytt til dei, er difor ein særs viktig del av kulturhistoria vår.

Sjølv om det vart hausta mykje gras på dei gamle slåtteengene, så er produksjonsevna til dei moderne kulturengene vesentleg høgare. Slåtteengene sin funksjon i jordbruksdrifta er omtrent forsvunne, og dermed blir dei ikkje lenger haldne i hevd på tradisjonelt vis. Dei gror att, vert forvandla til gjødsla og pløgde kunstenger eller brukt til andre føremål. Slåtteengene går difor sterkt attende, og saman med dei forsvinn både kulturhistoria, tradisjonane og eit stort mangfald av artar med karplanter, sopp og insekt.

Sjølv om tilbakegangen har gått føre seg i lang tid, er det fyrst dei siste 20-25 åra vi har vorte merksame på tapet og har satt i gang tiltak for å stanse dette. Kartleggingar er føreteke og tilskotsordningar oppretta for å ta vare på dei få vi enno har. Likevel held nedgangen fram og slåtteengene er no ein dei mest truga naturtypane våre. Dei har til og med fått ein eigen handlingsplan (Direktoratet for naturforvaltning 2009) og var en av dei fyrste naturtypane som fekk særskilt vern som utvald naturtype gjennom den nye naturmangfaldlova. 

Slåtteenger på Nordmøre

Miljødirektoratet har oppretta ein database med oversikt over førekomstar til alle viktige naturtypar i Norge – Naturbase (http://geocortex.dirnat.no). Her er det registrert 75 attverande slåtteenger på Nordmøre, med eit samla areal på rundt 585 dekar, sjå tabell 1. Tal enger er nok helst ein god del høgare, då dei har synt seg tidkrevjande og vanskelege å kartlegge. Dei er små og kan ligge overraskande godt gjømt, og grunneigarane sjølve er ofte ikkje klar over kva dei har. Arealet kan derimot vere for høgt (ikkje minst for Rindal), da det er grunn til å tru at fleire av dei avgrensa lokalitetane inneheld store areal med anna mark.

Kommune

Tal

Areal i daa

Aure

14

103

Averøy

3

5

Eide

1

9

Gjemnes

1

4

Halsa

3

10

Kristiansund

1

2

Rindal

4

170

Smøla

1

19

Sunndal

18

135

Surnadal

5

47

Tingvoll

23

68

Sum

75

585

 

Kjente slåtteenger på Nordmøre, fordelt på kommunar og areal, teken ut frå Naturbase (Miljødirektoratet 2013).

I eit større perspektiv er det grunn til å merke seg at Møre og Romsdal ser ut til å ha att vesentleg fleire slåtteenger, og ikkje minst slåtteenger i god hevd, enn nabofylka i nord og sør. Særlig i Trøndelag er det svært få tilbake. Fleire er registrert i Sogn og Fjordane, men der er  tilstanden oftast dårlegare enn her i fylket, særleg som følgje av attgroing.

Slåtteengeri Tingvoll

Det har vore kartlagt slåtteenger i Tingvoll kommune i fleire omgangar dei siste 20 åra, og naturtypen har vore aktivt ettersøkt her (Gaarder 1993, 2007; Gaarder & Folden 2011, 2014; Hagen 2000). Kunnskapen om dei må difor seiast å vere ganske god, men likevel har nye lokalitetar vorte oppdaga dei siste par åra.

Resultata viser at Tingvoll er ein av dei viktigaste kommunane for bevaring av slåtteenger i regionen, og saman med Aure og Sunndal dekker desse tre kommunane ein gradient frå indre dalstrøk og heilt ut mot kysten og frå lågland til seterregionen, noko som gjør at regionen har ein uvanleg god variasjon i ulike typar slåtteeng. Om ein i tillegg trekker inn at Rindal og Surnadal framleis har einskilde intakte slåttemyrer i hevd, så har Nordmøre kanskje den største spennvidda i gamle slåttemarker i Noreg!

Slåtteengene i Tingvoll utgjer ei viktig brikke i denne bredda i variasjon, da det er her slåtteenger i fjordstrøka er best representert. Dei ligg spreidde rundt i kommunen, frå indre til ytre delar og på begge sider av halvøya, sjå kartet.

Kjent førekomst av slåtteenger  i Tingvoll kommune pr 2013. Kartet er utarbeidd av Helge Fjeldstad, Miljøfaglig Utredning.

Dei fleste slåtteengene i kommunen er små, frå nokre hundre kvadratmeter og opp til eit par dekar. Nokre ligg tilknytt gardsbruk i drift, andre ligg på nedlagte småbruk som vert nytta til sommarhus, nokre er forvalta som del av hagar til vanlege bustadhus og vi har også verdfulle slåtteenger ved Tingvoll museum og på Tingvoll Gard (som vert forvalta av stiftelsen NORSØK).

Det er med andre ord stor spennvidde i kva slags folk som eig og brukar slåtteengene, noko som i neste omgang fører til utfordringar med korleis vi skal ta vare på dei.

Det biologiske mangfaldet i slåtteenger

Slåtteenger er kjent for å vere svært artsrike. Årsaken er særleg den rike karplantefloraen med mange ulike blomar og gras. Ein kvadratmeter eng kan innehalde fleire ti-tals ulike artar. Samtidig er det vanlegvis eit yrande insektliv, der sommarfuglar, bier og humler pregar mangfaldet. I tillegg har undersøkingar i nyare tid vist eit høgt mangfald av sopp, da spesielt beitemarksopp. Sidan slåtteengene vert sjeldnare, betyr det også at mykje av dette mangfaldet går tilbake. Mange artar i slåtteengene er truga og ført opp på den nasjonale raudlista (Kålås et al. 2010).

Også slåtteengene i Tingvoll er artsrike, og spesielt mangfaldet av karplanter og sopp er etter kvart godt dokumentert. Blant blomane er ikkje minst mangfaldet og mengdene av orkidéar relativt høg. Grov nattfiol er ein av karakterartane, men også vanleg nattfiol, skogmarihand og stortviblad finnes i fleire enger og et par plassar veks i tillegg brudespore. Andre døme på sjeldne artar er vill-lin og marinykel, mens meir vanlege karakterartar er slike som blåklokke, gulaks, prestekrage, tiriltunge, blåknapp og raudknapp. Ingen raudlista karplanter er kjende frå slåtteengene i Tingvoll i nyare tid, men orkidéen kvitkurle (raudlistestatus nær truga – NT) har sannsynlegvis førekome fleire stader tidlegare.

Soppartar på raudlista

Derimot er det funne ei rad raudlista beitemarksopp, inkludert internasjonalt sjeldne og truga artar. Beitemarksopp er eit felles namn på ei stor gruppe sopp (rundt 150 artar er så langt kjent i Noreg, som i fyrste rekkje veks i gamle, ugjødsla enger, enten dei vert slått eller beita. Dette spesialiserte leveviset fører til at eit stort tal reknast som truga og står på både den norske og mange andre land sine raudlister. Til dels er det snakk om vakre, fargesprakande artar innafor slekter som fagervokssoppar og fingersoppar, dels meir anonyme svarte jordtunger og små brunfarga raudsporar.

I alt er det hittil funne minst 86 ulike artar beitemarksopp i slåtteenger i Tingvoll, og halvparten av desse står på den nasjonale raudlista! Ein er sterkt truga (grå narremusserong – berre funnen på Øvre Strupstad), medan 24 artar er sårbare og 18 er nær truga. Forutan grå narremusserong er også fleire av dei sårbare artane internasjonalt truga, som fiolett greinkøllesopp, praktraudspore, fruktraudspore, sauevokssopp, vrangtunge og vranglodnetunge. Den mest artsrike enga ligg ovanfor husa på Aksneset på Vågbø. Her er det hittil funne 54 ulike artar beitemarksopp, der 23 av desse er raudlista.

Mangfaldet av insekt og anna småkryp er så langt lite kjent, men det er tydeleg at mange slike artar også trivst i desse engene. Forutan dagsommarfuglar og bier, er det nok grunn til å leite meir etter spanande artar som oljebiller (eit av to nyare funn i Noreg av den sterkt truga oljebilla Meloe proscarabeus er gjort i Tingvoll) og ulike blomsterfluger. 

Noverande bruk av engene

Sjølv om graset frå fleire av slåtteengene framleis vert nytta som husdyrfôr, er det ingen gardsbruk i kommunen der dette utgjer eit stort og viktig bidrag. Det er nok mange ti-år sidan det var tilfelle. For fleire utgjer det likevel eit verdfullt tilleggsfôr, og særleg gjeld det for einskilde som har hest.

Nokre av engene har i lang tid vore ein viktig attraksjon, både som følgje av blomsterfloret på sommaren og som døme på tradisjonelt landskap og tradisjonelle driftsmåtar. Det gjeld spesielt slåtteenga på Tingvoll museum, der det årleg har vore opne slåttedagar sidan 2003. Graset vert da slege med ljå, hesja opp og det vert utført tradisjonelle aktivitetar i samband med dette, som kvessing av ljåblad med slipestein og bryne, og servering av slåttegraut. Interessa har vore gradvis aukande i nyare tid, og sist år deltok over 30 store og små i arbeidet. Museet har fått laga ljåar tilpassa barn. Gjennom eit undervisningsopplegg under «Den naturlige skolesekken», lærer alle 6. klassingar på Tingvoll om slått og verdien av artsmangfald i gammalt kulturlandskap.

Ljåslått på dugnad

Fleire enger har vore slått på dugnad, som Liasletta like inntil Tingvoll museum, slåtteenga på Tingvoll gard og einskilde slåtteenger på Holmeide. Særleg slåtteengene ute på Aksneset har fått auka merksemd dei seinare åra, der blomsterturar og lokalhistoriske vandringar har vore lagt til området og både fastbuande og hyttefolk sett pris på blomsterengene på sommaren. Dei andre engene som vert haldne i hevd i kommunen vert for det meste slått av grunneigaren eller andre interesserte folk. Ofte kjenner sjølv ikkje folk i nabolaget til dette mangfaldet som finst rett ved.

Sjølv om tilstanden og forvaltninga av slåtteengene i Tingvoll helst er betre enn i dei fleste andre kommunane i Noreg, så er det også enger her som vert gradvis redusert. Attgroing er det største trugsmålet, og til dømes dei rike slåtteengene på Åkerfallet er i ferd med å gå tapt som følgje av dette. På den andre sida har hevden vorte teken opp att på fleire enger dei siste 5-10 åra, m.a. på Holmeide.

Framtida

Ein del av slåtteengene i Tingvoll har fått eigen skjøtselsplan dei siste åra, der brukar/grunneigar får statleg tilskot til drifta. Dette er for tida på 1500,- kr/dekar og år, noko som kan vere ein viktig stimulans til å ta vare på engene.

Framtida for slåtteengene og mangfaldet der må likevel seiast å vere uviss. Det er att få enger og forsvinn ei, ein kan ikkje rekne med å få att det artsmangfaldet som gjekk tapt. Det tek i beste fall mange ti-år å etablere ei ny slåtteeng, samtidig som artane som treng slåtteengene no finst svært spreidd og vil ofte kunne ha store problem med å spreie seg til nye levestader.

Strukturendringar i samfunnet

Samtidig skjer endringane i samfunnet svært raskt og det er ikkje sikkert at nye eigarar har same motivasjon for å ta vare på ei eng som tidlegare brukar. Tilskotsordningane til landbruk og miljø er i stadig endring. Vert støtta brått teke vekk eller redusert, vil dette opplagt verke som eit sterkt signal frå staten om at ein ikkje bør ta vare på engene for framtida. Ein treng elles kunnskap om naturverdiane og korleis desse skal takast vare på, samt utstyr som er eigna.

Nye driftsmåtar

Bruk av nye, tunge traktorar og slåmaskinar vil raskt øydeleggje slåtteengene. Jorda vert pakka for mykje saman og ein del slåmaskinar riv av graset i staden for å kutte det. Her er det ljå eller lette to-hjuls maskinar som er det beste. Samtidig er det heilt avgjerande at graset vert fjerna etter slått, eventuelt etter at det har fått ligge å tørke nokre dagar fyrst slik at noko av frøa kan dette ned på bakken. Gammalt gras som blir liggande att vil kvele dei små engplantene som skal kome opp og fører også til at enga får tilført for mykje næring. Eit gjennomgåande problem er også at engene helst bør etterbeitast av husdyr, noko som berre unntaksvis skjer for tida. Tråkk av dyr fører til små sår i grasdekket der nye før kan spire opp, og litt husdyrmøkk er viktig næring for mange engartar. Og til sist treng ein folk som er viljuge til å bruke tid og krefter til å ta eit fysisk krafttak og det er heller ikkje sjølvsagt i dagens samfunn!

Vakre slåtteenger i Tingvoll

Men, framleis har Tingvoll att eit pent knippe med artsrike og vakre slåtteenger som vert halden i god hevd av lokale natur- og kulturinteresserte folk. For dei som er interesserte er det mogeleg å bidra til å ta vare på både desse og andre enger som diverre gror att i kommunen. Dette er eit triveleg arbeid som mange fleire vil ha godt av å delta i. Det er eit godt høve til å vere med på ein miljøvenleg aktivitet, lære å kjenne viktige sider ved kulturhistoria vår på ein fysisk og konkret måte og i tillegg ein triveleg sosial aktivitet!

Kjelder

Direktoratet for naturforvaltning 2009. Utkast til handlingsplan for slåttemark. DN-rapport 2009-6. 52 s.

Gaarder, G. 1993. Natur i Tingvoll. Naturverdier i Tingvoll kommune, Møre og Romsdal, med spesiell vekt på biologisk mangfold. Tingvoll kommune, Miljø- og næringsetaten. 65 s.

Gaarder, G. 2007. Verdifulle kulturlandskap i Tingvoll kommune. Miljøfaglig Utredning, rapport 2007:8. 71 s. + vedlegg

Gaarder, G. & Folden, Ø. 2011. Supplerende naturtypekartlegging i Tingvoll kommune. Miljøfaglig Utredning Rapport 2011:29: 1-19 + vedlegg.

Gaarder, G. & Folden, Ø. 2014. Supplerende naturtypekartlegging i Tingvoll kommune 2012-2013. Miljøfaglig Utredning notat 2014-4. 16 s. + vedlegg.

Hagen, G. 2000. Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Tingvoll kommune. Upubl. hovud-fagsoppgåve ved NLH. 216 s. + vedlegg.

Kålås, J. A., Viken, Å., Henriksen, S. & Skjelseth, S. (red.) 2010. Norsk rødliste for arter 2010. Artsdatabanken, Norway.

Miljødirektoratet 2013. Naturbase. http://geocortex.dirnat.no

Artikkelen er fra Nordmøre museums årbok 2014

Scroll til toppen