Museet etablerer no ei stipendiatstilling i samarbeid med NTNU
Nordmørsmusea går inn i ei ny tid med auka satsing på forskning og utdanning

Museet etablerer no ei stipendiatstilling i samarbeid med NTNU og med støtte frå Sparebankstiftelsen Nordvest og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Nordmørsmusea har gjennom 2022 jobba med å etablere ei stipendiatstilling i samarbeid med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU). No er finansieringa på plass. Stillinga skal rette seg spesielt mot temaet handlingsboren kunnskap og korleis museet si eiga opplæring av tradisjonshandverkarar kan styrke og forbetre opplæring innan tradisjonshandverk generelt og bygnings-/fartøyvern spesielt.
Husasnotra/Geitbåtmuseet, som er ei avdeling under Nordmørsmusea, har gjennom mange år jobba fram eit opplæringssystem innan tradisjonshandverk som vi kallar næmingeordninga. Dette er ei treårig ordning for kompetanseheving av handverkarar ut over sveinebrev, og har søkjelys på grunnleggande kunnskap om material, verktøy, teknikkar, prosedyrar, form og funksjon. Opplæringa skjer gjennom erfaringsoverføring frå lærar til næming, og gjentagande øving og arbeid med kunnskapen.
- Næmingeordninga er ei nasjonalt kjend ordning, og vi ønsker no å løfte ho som godkjend høgare utdanning. Då treng vi forskning på metode, praksis og resultat. Kva skjer til dømes om vi startar med tidlig kunnskapsoverføring til ungar i barnehage og skule, korleis verkar dette inn på deira kunnskap og evne til å meistre faget etterkvart som dei vert eldre?
Stipendiatstillinga er finansiert av Sparebankstiftelsen Nordvest, Møre og Romsdal fylkeskommune og museet sjølv. Sparebankstiftesen Nordvest vil delta med 300 000 kroner årleg i tre år. Frå fylkeskommunen har vi fått ei fast årleg løyve på 450 000 kroner, som skal gå til å styrke forskinga og få fram meir kunnskap for kulturarven, på Nordmøre og i fylket elles. No er planen å lyse ut ei stipendiatstilling som vil utarbeide det faglege og økonomiske grunnlaget for eit doktorgradsarbeid, der NTNU står som gradsgjevande institusjon.
Noreg er rik på historiske bygg og anlegg. Dessverre er det stor mangel på kvalifiserte, utdanna tradisjonshandverkarar i dag. Med betre kunnskap om korleis handlingsboren kunnskapsoverføring og opplæring fungerer, ønsker vi å fremme musea si rolle som opplæringsinstitusjonar og hjelpe med å løyse ei nasjonal utfordring. Vi får løfta både opplæringsforma og talet på høgare utdanna tradisjonshandverkarar som kan jobbe med bygnings- og fartøyvern både her i fylket og elles i landet.
Nordmørsmusea førebur no ei utlysing av stillinga, og ser det som den første av fleire forskingsprosjekt knytt til museet. - Dette er nybrottsarbeid for oss i Nordmørsmusea, men det baserer seg på all den kompetansen vi alt sitt inne med innan handlingsboren kunnskap, og tida er meir enn moden for å komme i gang med ei slik satsing, seier Eigunn Stav Sætre, direktør i museet.