Michel Nielsen Grendahl - stortingsmann og mykje meir

av Joar Fjellstad

Michel Nielsen Grendahl - stortingsmann og mykje meir
Teikning av Grindalsjelan, tidlig 1800-tall.

Ein trønder med tydelege spor på Averøya og i Kristiansund. 

Opp gjennom tidene er det ikkje mange renn­bygger som har oppnådd å bli landskjent. Det skulle ­mykje til om ein prestasjon i eitt eller anna skulle nå særleg langt utom det lokale geografiske området, før utviklinga av radio, fjernsyn og internett.

Michel Grendahl (1775-1849), som levde og verka i første helvta av 1800-talet, greidde det. Det er skreve mykje om han, men ikkje så mykje i Rennebu, og det som er skreve, vart gjort for fleire tiår sidan. Like etter den andre verdskrigen vart det reist ein bauta på grava hans i Trondheim. Først i 1961 vart det óg reist ein bauta ved garden på Grindal, der han vart fødd. Likevel tør eg påstå at det ikkje er mange rennbygger i dag som veit kven Michel Grendahl var, og kvifor han vart landskjent i si tid.

Jon Gunnes skreiv i Rennebu historielag sitt årsskrift 1958 (s. 28) om bl.a. Michel Grendahl, under overskrifta «En appell». Gunnes var oppteken av at mykje var skreve om andre, men … :

Ikke så med Michel Grendahl. … og det står ikke bedre til enn at det finns voksne rennbygger i dag som aldri har hørt om Hans Nielsen Hauges venn og mest betrodde mann, og hans etterfølger som leder av haugianerbeveg­elsen. Og de vet ikke det minste om storbonden, forretningsmannen, skipsbyggeren, skipsrederen, legpredikanten, forfatteren, politikeren, stortingsmannen og bondeføreren av samme navn. Utrolig, men sant.

I arbeidet med denne artikkelen har eg funne mykje som er skreve om denne mannen, men berre lite av det i kommunen der han vart fødd.

Tidlege år

Michel Grendahl vart fødd på garden Grindalsjelan i 1775, den 12. mars, som ein av 9 søsken, 2 eldre systrer og 6 yngre brør. Han var den eldste guten, og det var han som skulle ta over gardsdrifta etter faren. Alt i unge år var han huga på å lese og skaffa seg på det viset lærdom om mangt, både om korleis ein gard skulle drivast, om kristen tru og om samfunnslivet i landet. Til konfirmasjon i 1790 sto han som nummer 4 av 25 gutar. Det skulle tyde på at han hadde gjort eit godt inntrykk på presten. Plasseringa i konfirmantrekka kunne på den tida lesast omtrent som ei resultatliste i idrett i vår tid.

Michel var 14 år da "Storofsin" herja godt med åkerlandet i Jelom. I rapportane etter flaumen vart det skreve at mykje av åkerlandet var borte. Der jorda ikkje var borte, låg det mykje tre og anna som elva hadde lagt att da flaumen hadde gjort frå seg. Eit stort arbeid måtte til før det kunne bli åkerland på nytt. Likevel var det alt i 1802, da nye 14 år hadde gått, like mykje kornland som før flaumen, men dei hadde ikkje like mange dyr som før. Grindalsjelan må seiast å vere ein veldreven gard, og med dei kunnskapane Michel skaffa seg gjennom lesing og praktisk arbeid, hadde han gode utsikter til eit godt liv på garden.

Hans Nielsen Hauge

Fire år før Michel kom til verda, vart det fødd ein gut i Rolvsøy i Østfold, som fekk namnet Hans Nielsen Hauge. Denne guten vart opphavsmann til det som vart kalla Haugerørsla. Den fekk stor ­påverknad på den unge Michel.

Grunntanken i den rørsla var ei personleg tru på Gud og Jesus, og i tillegg at trua måtte vere til gagn for medmenneske og samfunnet. "Åndens og håndens arbeid" måtte følgjast åt, og med føtene som transportmiddel, drog Hauge over det meste av landet og forkynte sine tankar om dette. Han tok del i arbeidet på dei gardane der han budde nokre dagar, og om kveldane heldt han møter med ­folket på garden og dei næraste naboane. I Grindalsjelom kunne han vere i minst ei veke kvar gong, og det var han fleire gonger i åra 1799-1804. Der dreiv han med bokbinding og hadde ein "omsetningssentral" for sine mange skrifter og bøker. Mange rennbygger fekk sympati med tankane til Hauge og vart å rekne som haugianarar. Michel var ein av dei. Han vart etter kvart óg nær ven med Hauge. Garden Grindalsjelan vart eit sentrum for Haugerørsla i Orkladalen, for ikkje å seie i heile Trøndelag rundt året 1800.

Det at Hauge heldt andakt utan at presten i bygda hadde godkjent det, var ikkje lov. "Konventikkelplakaten" var ei forordning som vart innført i 1741 av kong Christian IV. Den gjorde det ulovleg for lekpredikantar å halde ­gudelege forsamlingar, kalla konventiklar, utan at soknepresten hadde godkjent det. Hauge vart oppfatta som lekpredikant, og fekk seinare til og med fengselsstraff for dette.

Modningsår

I 1799 fekk Rennebu vitjing av to av venene til Hauge, Nils Iversen Riis og Iver Gabestad. Sjølv har Michel sagt at det var vitnemålet frå desse to som, saman med skriftene til Hauge, hadde verka mest på han. Hauge sjølv kom truleg til bygda seinare same året, og fekk som vi forstår ein trygg opphaldsstad i Jelom.

Haugianarane fekk tidleg øvd opp si tale- og skriveevne gjennom møteverk­semnd og flittig brevskriving. Opptakta til forfattarskap på lekmannsplan vart óg gjort. Dette var lærdom som Michel fekk god bruk for seinare i livet.

Da Hauge kom til Rennebu, var Michel alt gardbrukaren i Jelom. Han tok over i 1798, som 23-åring. Han hadde sikkert nok å styre med i gardsdrifta, men etter kvart vart det likevel så han tok turar ut i grendene for å spreie den bodskapen som Hauge kom med, både i Rennebu og utabygds. Snart kjente han nok at han var for sterkt bunden til garden. Utferdstrongen og tanken på å dela bodskapen frå Hauge med andre, tok meir og meir over. Hauge såg ­sikkert at denne mannen hadde både interesse og ressursar ut over det vanlege, og han ga Michel råd om, og hjelp til å søkje ut. Michel følgde rådet og drog først til Drammen, der han fekk arbeid i butikk hos ein kjøpmann Olsen, og starta i handelslære. Han var óg på Eiker, der Hauge hadde fått bygd opp ei papir­mølle, og laga papir. Seinare fekk dei der ei beinmølle, stampe, ­kornmølle og garveri. I denne verksemda var det samhørigheit og kristeleg brorskap mellom arbeidarar og arbeidsleiarar. Hauge måtte i 1804 gå i fengsel første gongen for brot på Konventikkelplakaten.

Hauge var fengsla til 1811, og i 1813 fekk han ein ny dom på to års slaveri. Venskapen mellom Hans Nielsen og Michel Nielsen medverka kanskje til at Michel Grendahl vart ein av dei leiande kreftene i Haugerørsla medan Hauge sat fengsla? Av folk som kjende begge, var det sagt at som predikant var Hans langt framfor Michel, men óg at Michel truleg var meir begåva enn Hans. Han vart i alle fall ein av leiarane, om ikkje den eine, som førte arbeidet til Hauge framover medan Hauge var i fengsel.

Etter opphaldet i Drammen var Michel ei tid i Bergen, som på den tida var Norges største og livligaste handelsby, og der Hans Nielsen Hauge fekk handels­borgarbrev i 1801. Der heldt han fram med å skaffa seg kunnskap om handel, lærde seg engelsk ved sjølvstudium, og fekk gode kontaktar for seinare forretningsdrift. Ufred ute i Europa, der både Danmark-Norge og Sverige var innblanda, men på kvar si side, gjorde at han i 1804 flytta til Kristiansund og starta forretning der.

På Nordmøre

I 1807 kjøpte han fire mindre gardsbruk i Kvernes prestegjeld på Averøya. Desse slo han saman til eitt bruk, Utheim. Den garden hadde han i berre 3 år. På den tida rakk han å rive over 30 gamle småhus som var der, og bygde opp att nye, tidsmessige bygningar. Han var den første på dei kantar som hadde fabrikkplog, og kunne med den pløye mykje meir effektivt enn før.

I åra mellom 1807 og 1810 hadde Michel eigedomsretten til to gardar, Grindalsjelan i Rennebu og Utheim i Averøy. Jelan overlet han til broren Ola ­offisielt i 1810, men det skjedde vel i praksis i 1804 da Michel reiste til ­Drammen. Utheim selde han til ein annan bror, Trond, også det i 1810. Han var kanskje ikkje så langt etter Michel i det å drive ein gard. Opp mot 1820 var også Utheim halden som mønstergard. I 1822 bytta Trond til seg ein gard i Torvikbukt der han vart verande resten av livet.

I Kristiansund fekk han i 1806 "købmandskab". I dansketida, som det vart gjort ende på i 1814, var det vanleg at ein vart kalla kremmar eller høker når ein dreiv sal til forbrukar, og kjøpmann når det var snakk om litt meir omfattande handel, t.d. som det vi i dag kallar grossist. Michel høyrde nok mest til dei sistnemnde, og hadde sikkert betre økonomi enn folk flest. I førstninga av opphaldet i Kristiansund var han utsett for mykje spott. Folk trudde kanskje han var ein som hadde skaffa seg rikdom på at andre måtte arbeide for lita løn, slik sume andre hadde vorte kjende for? Spotten vart snart stoppa da folk såg korleis han oppførte seg, og det vart kjent korleis han dreiv forretningane sine.

Han kjøpte eigedom i Vågen i Kristiansund, både i det som i dag er Astrups gate på Kirklandet og i dagens Dikselveien på Goma. Ikkje langt frå hovudbygninga på Fosna gard fekk han seg bustad, kontor, og lager med brygge utanfor, i det som seinare fekk namnet Astrups gate. Det er fortald at brygga i lang tid var den største i byen. Ho gjekk under namnet Grendahlsbrygga enno mot slutten av 1800-talet.

Christiefamilien, som i fleire generasjonar budde i det som i dag har ­namnet "Håndverkeren" i Fosnagata, hadde fleire engløkker på Gomalandet. Her var det beiteland og grasproduksjon. Ei av løkkene heitte "Grendalsenget" enno rundt 1910, skriv Wilhelm Lund. Her finn vi i dag bustadblokkene til Grindalsenga borettslag. Kristiansund boligbyggelag (KBBL) har vald å skriva namnet med - i-, slik som Michels heimgard i Rennebu.

Han kom raskt i gang som kjøpmann og trelasthandlar. Snart dreiv han småhandel, skipsbygging og skipsrederi, og brennevinsproduksjon. Ei jekt, ei lita seilskute, som han fekk bygd, fekk namnet "Foreningen". Han hadde fleire skuter som gjekk i fart på England. Med desse dreiv han eksport av trelast og fisk, og import av salt, sukker, kaffe og anna som ikkje vart produsert i ­Norge. Michel førte sjølv korrespondansen for desse Englandsrutene, og leidde ­elles alle forretningane sine sjølv. Snart var verksemda hans ei av dei største i byen. I den vanskelege krigstida 1807-14 leid han store tap. Engelske krigsskip stengte alle norske hamner, men han greidde å halde verksemda i gang, utan ­kontakten med utlandet.

Seinare fekk han tak i eit eldre uthus som han flytta til Gomalandet, på andre sida av Vågen. Huset skulle bli sjøbrygge, men han kom aldri i gang med verksemdene sine der. Han selde heile anlegget før det var ferdig bygd, og flytta frå byen. Eigedomen har i dag namnet Woldbrygga, med adresse Dikselveien 12. Nordmøre museum er eigar sidan 1981, og har ordna tønnemakarmuseum der.

Både gardsdrifta og handelsverksemda må ha gått godt. Ein årsak var nok det at han sjølv kunne gjere mykje av slikt arbeid som andre kjøpmenn måtte kjøpe. Han klara seg i alle fall bra økonomisk, og kunne ofte hjelpe andre om dei kom i vanskar. I dei nemnte krigsåra, skjedde det at ein av dei mykje trufaste skipperane hans somla bort og øydela verdiar for om lag 480 tusen kroner (omrekna til 2016-kr). Som eit døme på storsinnet til Michel, kan her nemnast at han seinare ga denne skipperen stor økonomisk hjelp.

I Kristiansund arbeidde han sterkt for kristeleg vekkjing. Han heldt regel­messig husandakt i heimen sin, der det ofte var med folk frå framande byar og land. I Kristiansunds historie er han omtala som "den landskjente haugianer Michel Nilsen Grendahl".

På Havstein

Michel hadde kjent på at forretningslivet svekka den åndelege årvakenheita, og at det baud på for mange freistingar. Han vart óg lei av å sjå på at smugling og det at tollfunksjonærar tok imot betaling for ulovlege tenester, tok om seg. Difor ville han vende attende til landbruket, og kjøpte i 1821 den nedfalls­truga garden Havstein i Strinda (no Byåsen) på auksjon for 9606 Speciedaler. (I ein grov kalkulasjon kan denne summen kanskje tilsvara rundt 2,5 mill kroner no). Dit flytta han året etter. Havstein var på den tida ein av dei største gardane nordafjells, men sterkt vanstelt.

På Havstein vart hus restaurerte, og nye vart bygd. Det vart dyrka opp 300 mæling vassjuk jord, mellom anna på eit eng der dei to døtrene hans frå først plukka molter. Det vart teke i bruk grasfrø, kløver og timotei, for å auke god avling i enga. Frø dyrka han sjølv, og hadde frø til sal. Han la ei lang vassleidning fram til garden, bygde hus som passa til tida, og han var sjølv med i alt. Da han overtok garden hadde dei 20 krøtter der. Da han selde i 1848 var talet 80. Uttrykket "sofabonde" passa slett ikkje på Michel. Han var ein god ­snikkar og ein dugande smed og laga sjølv mykje av det som trongs av reiskap i gardsdrifta (Vi kan vel nemne her at ein av brørne hans, som óg hadde ­namnet Mikkel, vart den lokalt godt kjente smeden Mikkel Mærk, eller MM som det står på dei mange lenjønna han laga). Som Utheim på Averøya vart også ­Havstein i Strinda eit mønsterbruk. I Strindaboka finn vi dette om Havstein for 1835: Eier Michel Grendahl. Samla folketall 38, selveier 1, husmenn 3, daglønnere 6, tjenere 9. Utsed: 1 td bygg, 35 tdr havre, 50 tdr poteter. ­Besetning: 6 hester, 67 storfe, 4 svin.

Av dei mange som vitja Havstein, var det ofte haugianarar frå andre delar av landet når dei var i Trondheim. Ein av dei var Sylvester Sivertson frå Sjåk. Han var ein av fleire som hadde "fri kost og losji hjå storbonden, forretnings­mannen og stortingsmannen Michel N. Grendahl" kan vi lese i ein biografi om ­Sivertson. Denne karen var pressemann, forfattar, samfunnsdebattant, haugianar og ein pioner i norsk pressehistorie. Han, slik som Michel, var ei kjent kampfelle av Henrik Wergeland i kulturstriden i 1830-åra, og ikkje minst i kampen mot jødeparagrafen i Grunnlova. Havstein var eit sentrum for haugiansk kristeleg liv og kultur i Trøndelag.

I gardsarbeidet og i den venlege omgangen med besøkjande hadde Michel god hjelp i kona, Beret Mikkelsdotter Husdal (f. 1782 eller 1783, d. 1858). Beret viste seg både dyktig og handlekraftig som gardsbestyrar. Ho måtte vel óg det, når Michel var mykje borte frå garden i lange periodar. Saman styrte dei eit stort hushald med omsorg og venleik, og det gjorde dei elska og respektert av arbeidarane på garden.

Ekteskap og familie

Her må vi hoppe litt attende i tida, til da Michel var på Nordmøre. I 1810 gifta Michel og Berit seg i Kornstad kyrkje (som da var ei stavkyrkje frå 1300-talet) i Kvernes prestegjeld på Averøy. I Ministerialbok for Kvernes prestegjeld finn vi i 1810 dette: "Aug 25 begiærede Ungkarl Michel Nielssen Grindal at blive ­efter foregaaende Tillysning ægteviet i Kornstad kirke den 12te Sønd efter Trin: med Pige Berit Michelsd. At intet lovstridigt mod dette Ægteskab forsikre Ole Berg og Halvor Strand." På kanten av sida står det: "Ægtet nevndte dag." (12te Søndag efter Trinitatis = 9. september 1810).

I boka "Den Norske Kirke i det nittende Århundre" av H. G. Heggtveit, kan vi lese: "I hans hyggelige Hjem med den vide, vakre Udsikt over Omegnen, omgivet af rige historiske Minder, blev Besøgende modtagne gjæstfrit paa gammelnordisk Vis af ham og hans begavede og elskværdige Hustru."

Michel og Berit fekk to barn medan dei budde i Kristiansund, Randi Marie i 1812, og Nicoline i 1816.

Carl Ludvig Simonsen, født i København i 1817, kom til Norge første gong i 1840. Han var først trulova med Grethe Grøndahl, dotter av boktrykkar Christopher Grøndahl som grunnla forlaget Grøndahl & Søn. Medan Carl tok utdanning til boktrykkar, døydde Grethe. Da reiste han attende til ­Danmark, der han eit par år var privatsekretær for forfattaren Søren Kierkegaard. I 1842 var han kome til Wullumsgarden på Byåsen, der haugianaren Erik ­Wullum da var eigar. I samarbeid med sonen hans, Olaus, og son til Hans Nielsen Hauge, Andreas, starta Carl Ludvig Simonsen ein ny realskule i 1843, der Carl vart overlærar. Skulen vart seinare slegen saman med Trondhjems Borgerlige ­Realskole. I 1845 flytta Simonsen til Havstein der Michel Grendahl budde. Der møtte han dottera på garden, Randi Marie, og vart gift med henne. Dei kjøpte gardparten Havsteinaunet i 1849 og flytta dit.

Nicoline vart gift med Just Wright Grøndahl, yngste son av boktrykkar ­Christopher Grøndahl. Dei kjøpte garden Meen i Gjerpen ved Skien, og busette seg der. Just var ordførar i Gjerpen 1856-57.

Personane Beret og Michel

Beret kom frå ein haugianarheim på Geitastrand. Som ung jente var ho hos fleire kjente haugianarar fleire stader i landet, ei tid hos boktrykkar Ole ­Pedersen Moe i Kristiansand. Ho var medels høg, kraftig bygd, men ikkje forvokse, og svært sterk. Andletet var vakkert, intelligent, med eit mildt, behageleg, fint og klokt uttrykk. Ho hadde blå augo og lysebrunt hår. Ho kunne seie si meining rett fram, men var på same tid varsam i talen. Ho hadde eit varmt og ope hjarte for andre si naud og liding, og var i stadig godt humør.

Michel var på alle måtar godt utrusta, med eit fint vesen, tiltalande personlegdom og interessert for alt godt. Å sjå til var han medels høg, velbygd, utan å vera før, med eit litt rundt andlet, og eit alvorleg, tenksamt, mest strengt uttrykk i eit fint og intelligent åsyn, "der blev livligt og aandfullt og vakkert naar et smil spillede om munden, eller glimtede i de blaa øine". Han hadde sterk hårvekst og brunt, gråsprengt hår. "Skjæg rundt om, men noget kort, barberede seg ellers."

Om karaktertrekka til Michel Grendahl er det uttala slik av samtidige: Taus, innesluttet og alvorlig. Utpreget viljemenneske, innadvendt, kritisk, ­forsiktig. Virket "tørr", reservert, noe stiv og kald for utenforstående. Haldninga hans til menneske rundt seg var grunnlagt i det som óg var grunntanken i ­Haugerørsla: "ikke være andre til Byrde, men heller til Hjælp". Han var svært glad i ­musikk, og spela sjølv fiolin heilt frå han var liten. Han la fela bort da han møtte Hauge. Seinare i livet kom ho fram att, men berre for å spele salmemelodiar.

Innimellom det politiske arbeidet i Stortinget og andre stader, heldt Michel oppbyggande møter i smia si på Havstein. Det seies at mange småbrukarar fekk ny kristentru i den smia. Michel var ikkje vekkjingspredikant. Styrken hans var meir å læra og vegleia. Han appellerte meir til forstanden enn til følelsane. Han gjorde bruk av eit klårt og beherska språk, og gjennom den nøkterne framstillinga merka folk den sterke, personlege overtydinga.

Beret og Michel utfylte kvarandre på ein framifrå måte. Nokon har sagt at "hun som Kvinde var jevngod med ham som Mand".

Politikaren Grendahl

Etter at Hans Nielsen Hauge døydde i 1824, vart Michel ein av dei fremste i Haugerørsla. Han fekk etter kvart eit rykte som ein klok rådgjevar og ein aktiv samfunnsborgar. Han hadde óg skaffa seg mange kontaktar, eller nettverk som vi ville kalla det i dag. Ved stortingsvalet 1827 vart han vald til 3. suppleant frå Søndre Trondhjems amt, og frå 1830 var han fast representant på fem stortingssamlingar fram til 1842. Den siste gongen hadde han berre så vidt lete seg overtale til å stille til val.

Han arbeidde i mange år for å få oppheva Konventikkelplakaten. Stortinget prøvde i 1836 og i 1839 utan å få Kongen si underskrift. I den siste stortingssamlinga Michel var med på, i 1842, vart vedtaket gjort for tredje gong, og lova vart oppheva. Det vedtaket la grunnlaget for forsamlingsfridomen i Norge.

I Stortinget var det fram til 1830-åra embetsmennene som styrte. Michel vart ein av førarane for opposisjonen, som i desse åra fekk stadig fleire bønder inn på Tinget. Stortingssamlingane i 1833 og 1836 er i ettertid kalla "Bondestortinget", for i 1833 var det for første gong fleire bønder enn embetsmenn i salen: 45 mot 35. Mykje av årsaka til at fleire bønder vart innvalde, var agitasjonen frå John Neergaard. Det vart stor uro mellom embetsmennene. Dei såg maktposisjonen sin truga, og snakka om "invasjon av barbarer" og om "pøbelstorting". Dei meinte konstitusjonen ville koma i fare. Men denne motstanden gjorde berre opposisjonen enda meir samansveisa.

Neergaard (1795-1885) var lensmann, politikar og bondeagitator, fødd i ­Rindal. Michel støtta arbeidet hans på sin forsiktige, men bestemte måte. ­Michel var medhjelpar til, og truleg den som finansierte, den såkalla "Olaboka". Det var Neergaard som skreiv boka, som vekte bøndene til strid mot embetsmannsveldet. Olaboka var eit politisk agitasjonsskrift som kom ut i Christiania i 1830. Den fulle tittelen: "En Odelsmanns Tanker om Norges nærværende Forfatning tillige med en Samtale indeholdende Veiledning for Bønder til en riktigere Fremgangsmaade ved Udkaarelsen av Valgmænd og Repræsentanter."

Jon Neergaard drog med denne boka utover grendene i Trøndelag, Møre og Øster­dalen. Ho vart seld eller gjeve bort, alt etter som. Han var ikkje ­bokhandlar, men handla med hestar og kyr. Han fekk snakka med folk og gav seg god tid til å drøfta spørsmål i tida. Når det høvde seg slik, tok han inn på Havstein, hos Michel. Neergaard har sjølv sagt at "paa Havstein nød jeg den fuldkomneste Gjestfrihed. Den huslige Hygge var meg en sand ­Rekreasjon naar jeg jamt og samt kom tilbage til Stationen fra mine politiske ­Ekskursjoner".

Michel var ein av dei opposisjonelle som vart omtala som "Den hemmelege ­direksjon". Han var óg den som bar utgiftene til samlingane i denne ­"klubben". Der var det samla både bønder og andre som planla framstøt i lovsaker og i stemmegjeving i Stortinget. Henrik Wergeland var óg innom der. "Den ­hemmelege direksjon" har seinare vore sett på som den første spira til det som skulle bli eit organisert bondeparti (Bondepartiet, seinare Senterpartiet, vart stifta i 1920).

Med Neergaard i spissen arbeidde dei mellom anna for å opprette formannskap i kommunane, som eit grunnlag for lokalt sjølvstyre. Det vart forma fleire framlegg til lov om dette. Det framlegget som fekk fleirtal i Stortinget, la ­Kongen ned veto mot. Kongen var i denne tida lite nøgd med Stortinget. Han ville ha ymse ting omgjort i Grunnlova, men Stortinget ville ikkje vere med på det.

I 1836 la Stortinget desse kongelege framlegga til side, utan vidare. Da vart Kongen harm og løyste Stortinget opp, men før tingmennene gjekk, gjorde dei vedtak om at statsminister Løvenskiold skulle setjast under Riksrett fordi han ikkje hadde protestert mot oppløysinga av tinget. Løvenskiold vart dømd til bot. I denne striden var Michel Grendahl med mellom førarane. I oktober same året vart tinget kalla saman att. Det vart atter vedtak i Stortinget om kommunalt sjølvstyre, og formannskapslovene vart sanksjonert av Kongen 14. januar 1837. Det var to lover som kom til å gje bønder og andre vanlege folk større påverknad på styre og stell på lokalplanet, enn før. Lovene skulle óg gje betre opplysing og folkefridom. Formannskapslovene er enno i dag grunnlaget for det lokale sjølvstyret i Norge, og da det i 2012 vart oppretta ei liste over dei viktigaste dokumenta i norsk historie, kom Formannskapslovene med.

Michel var med i kampen mot "jødeparagrafen" i Grunnlova. Der sto det at jødar ikkje skulle få koma inn i landet. Det var Henrik Wergeland som med dikta "Jøden" og "Jødinnen" reiste denne saka. Wergeland venta at alle haugianarar ville stemme for å fjerna denne paragrafen. Michel stemte for det, men det gjorde ikkje t.d. den enda meir kjende Ole Gabriel Ueland. Michel tok nok standpunkt ut frå sitt religiøse sinnelag. I 1851 gjekk denne saka gjennom i Stortinget, men da var både Wergeland og Grendahl borte.

Som medlem av budsjettkomiteen kjempa Michel for å opprette ei statleg pensjonskasse, men samtidig svinga han sparekniven over offentlege utgifter, særleg dei gode pensjonsordningane for embetsmenn. Han fekk etter kvart så stor respekt at han vart rekna som ein av dei fremste på tinget.

Han tok ofte ordet i stortingssalen, men han oppnådde meir i komitéane. Han gjorde så grundig arbeid at han fleire gonger forlanga å få legge ved noko skriftleg til sakene. Her, som i tingsalen, gjorde han som Ueland, han venta til slutten av debattane før han kom med innlegget sitt.

Med god grunn kan det seiast at Michel Grendahl i sitt politiske virke sto fram som ein demokrat og eit forbilde i opposisjonen mot embetsmannsstaten som hadde rådd grunnen sidan 1814. I alt arbeid hadde han idéane frå Haugerørsla langt framme i tankane.

Michel Grendahl arbeidde heile livet for folkefridom, både sosialt, økonomisk og religiøst. Han skjøna at fridom ikkje kunne kome utan at folket vart betre opplyst om samtida si. Av den grunn arbeidde han for at skulegangen skulle gjerast lettare og betre for alle.

I Norsk biografisk leksikon kan vi lese følgjande om han:

”Michel Grendahl ble kjent som en av de fremste haugianere i det politiske liv under de samfunnsmessige nydannelser som fant sted i Norge i tiden etter 1814. Han fikk anerkjennelse fra alle hold for sin klokskap og rettlinjethet, både i politikken og i sin omgang med mennesker. Det var en sosial oppdrift og dypt åndelig alvor som preget ham, og på denne måten var han den av Hans Nielsen Hauges venner og ­etterfølgere som kanskje kom nærmest Hauges egne idealer.”

Dei siste åra

Før Michel døydde i 1849, etter at han ei tid hadde vore plaga av sjukdom, rakk han å skrive eit forsvarsskrift for Hans Nielsen Hauge: "Om Hans ­Nielsen Hauges Liv, Virksomhed og dennes følger". Boka vart ferdig kort tid før han døydde. Svigersonen P. L. Simonsen sørga for at boka vart utgjeve. I følgje Norsk forfatterleksikon vart den boka utgjeve etter at Michel døydde, men i det same leksikonet vart boka trykt i 1847. Andre kjelder seier 1849.

Presten, pastor Carlsen, heldt den siste nattverden og andakt for den sjuke Michel. Michel var bevisst og hadde klår tale heilt til den siste augneblinken, og han heldt sjølv ein tale frå senga ved andakten. Det måtte ha vore ein god tale, for presten sa etter at Michel var ferdig: "Mine Ord bliver ringe her." ­Truleg det siste Michel sa var: "Jeg hører Sang frå Thronen!"

Den 18. januar 1849 "gik Michel ud af Verden med et Smil", har ein som var til stades sagt.

Ein nekrolog kom i Adresseavisa 22. januar 1849. Den sluttar med orda: "Fedre­landet staar i en dobbelt Taknemlighedsgiæld til den Afdøde".

Da han skulle gravleggast, gjekk ferda frå Havstein til Lademoen "uagtet et frygteligt Uveir rasede under Høitideligheden, var dog deltagelsen fra By og Bygd enorm". Da kista var komen til Torget, var enden på gravfølgjet enno ved Skansen. Så mange ville følgje han til den siste kvilestaden i Elis plass kyrkje­gard (fekk i 1902 namnet Lademoen kyrkjegard). Det er sagt at det kunne vere fleire tusen med.

H. N. Otnes skreiv i ein aviskronikk i 1953: "Frå 1820 og utover var det fleire framstegsmenn i Strinda, men ingen rakk so langt og vann so mykje som ­bonden på Havstein, Mikkel Grendahl."

Etter at Michel døydde, flytta enkja ­Beret over til Havsteinaunet, til dottera og hennar familie, der ho budde til ho døydde i 1858.

Havstein kyrkje

Busetnaden på Byåsen hadde auka ­mykje år om år, og ettersom det var lang veg derifrå og til kyrkja på Lademoen, hadde det vokse fram eit ønske om å få eiga kyrkje der. Etter at Michel Grendahl døydde, var det mange som meinte at den beste måten å heidre minnet om han på, var å realisere denne kyrkjedraumen.

Alle sjølveigande bønder sette gardane sine i pant for å finansiere eit byggelån, og i 1853 vart det gjeve løyve til "at opføre en Kirke paa Gaarden Havsteen". Plasseringa var det ingen debatt om, den måtte stå der smia til Michel tidlegare hadde vore samlingslokale. Beret, kona til Michel, levde til 1858 og fekk oppleve at biskop Darre innvigde Havstein kyrkje i 1857. Byåsen sokn vart først oppretta i 1910, og Havstein kyrkje vart hovudkyrkje i Byåsen prestegjeld frå 1959.

Michel vart gravlagt på Lademoen, men gravstøtta vart flytta til Havstein ­kyrkje og står no omtrent der smia hans sto.

Minnesteinen

Appellen frå Jon Gunnes i 1958 gav som resultat at det i 1961 vart reist ein minnestein i tunet på fødegarden, Grindalsjelan, til minne om "… bonden, haugianarhovdingen, skipsreidaren og stortingsmannen Mikkel Grendahl", slik det står på steinen. Nedst nede står det: "Rennbyggar og ættlingar reiste denne steinen i 1961."

Om denne bautasteinen er det ei eiga historie: Etter at Jon Gunnes kom med appellen sin, samla fleire organisasjonar seg, og vart samde om at dette måtte dei få realisert. Det tok tid å finna ein stein som passa som bautastein. Det tok óg noko tid å samla pengar for å betala for steinen og inskripsjonen. Staden der steinen måtte setjast opp, var det ingen stor diskusjon om. Det måtte bli i Jelom, garden der Mikkel var fødd. Steinen var ferdig seinsommaren 1960, og planen var å få han reist sommaren etter.

I gardtona i Jelom var det diverre liten plass, så det vart vanskeleg å finne den rette staden der. Så kom det ei ulykke som gjorde at det vart plass likevel: ­Uthusa i Jelom brann hausten 1960. Etter at tuftene etter brannen var rydda, vart det god plass til å reise steinen. Der han no står, er han godt synleg frå hovudvegen, midt i gardtona på Jelom, akkurat der Hans Nielsen Hauge var med og svinga sluggu på låven saman med Michel, da 1800-talet så vidt hadde kome i gang.

Kjelder:
Norsk biografisk leksikon
Norsk forfatterleksikon 1814-1856
Rennebu historielags årsskrift 1958
Rennebuboka IV
Bygdebok for Strinda 4
Ministerialbok 1810 Kvernes prestegjeld, Averøy
Fleire avisartiklar, mellom andre: Adresseavisen 6/12-2005, Byavisa 8/1-2008, Dagsavisa 28/4-1953
Nekrolog i Adresseavisen 22. januar 1849
Olav Berkaak i ein stor artikkel i Adresseavisen onsdag 7/4-1971
Joh Lyche i For Fattig og Rik 10/5-1942 (óg i Rennebu menighetsblad nr 7/1959)
Ein såmann gjekk ut - 1994 (Arnt Lånke om Hauge-rørsla)
lokalhistoriewiki.no, wikipedia.org og wikistrinda.no
Kristiansunds historie
Den Norske Kirke i det nittende århundre. H. G. Heggtveit, ca 1910-20

Scroll til toppen