Geriljabroderi

Av Maja Frønes

Geriljabroderi
Geriljabroderi Surnadal. Brodert av Ane og Ida Huru

Forord: Denne artikkelen er basert på eitt av fleire individuelle arbeid i samband med studiet ”Gjenstand og kontekst” ved NTNU i 2011. Innføring i historisk folkekunst og vidareføring av denne i nyare tid var tema for kurset. Målet var å auke analytisk kunnskap om denne gruppa gjenstandar, gi kompetanse til å formidle den folkelege kulturarven, og å kunne skape ny design som byggjer på denne. Det vart vektlagt å analysere bruk av historiske forelegg, og betydningen dei har for gjenstandanes meiningsinnhald for ulike grupper i dag. Dette temaet er aktuelt for oss museumsarbeidarar, der vi heile tida arbeider med gjenstandar og tradisjonar som har vorte flytta frå si tid og sitt miljø - og inn på museum. Temaet i artikkelen er eit døme på ein revitaliseringsprosess – ein tradisjon og eit uttrykk som har fått nytt liv i ei ny tid.

Geriljabroderi - broderi med sting!

Broderi som handarbeidsteknikk og dekorasjon i heimen kjenner vi alle. Og assosiasjonane går gjerne til søte klokkestrengar, nusselege løparar og nostalgiske brikkar med sirlege blomstermotiv. Tanter og bestemødre med brillene langt frampå nasen har med stor iver og varierande hell brodert kjøkkenbordsdukar med doble attersting og franske knutar. Eit vakkert pyntehandkle, med blå skrift på kvit bakgrunn heng på hyttekjøkenet, - ”Herren er min hyrde” og ”Gi oss i dag vårt daglege brød”  er ofte brukte ”slagord”.  Tradisjonelt, trygt og dydig – slik vi kjenner det.

Dei seinare åra har eg kome over broderi som skil seg ut, - nemleg geriljabroderiet.

Det visuelle uttrykket i geriljabroderiet liknar mykje på dei tradisjonelle broderia vi kjenner, med korssting, blomstermotiv og med korte tekstar. Men uttrykket er likevel så vidt forskjellig.

Slik forklarar grunnleggjarane Mona Pedersen og Astrid Loraas sitt prosjekt på sine heimesider (ref):

”Geriljabroderi” er navnet på denne formen for undergravende korsstingsvirksomhet. Når nok er nok, men du vet ikke helt hvor du skal rette aggresjonen over all dritten som tidvis hoper seg opp i livet ditt, kan en kveld med et stykke stramei, en butt nål og litt tråd være forløsende.

Geriljabroderi er et privat initiert kulturprosjekt med ikke kommeriell profil, som vil ta broderiet ut av hendene på okkupasjonsmakten som består av strikte håndarbeidslærere og husflidsgeneraler med egenhendig produserte stjerner på de tekkelige blusekragene. Vi vil løfte broderiet ut av en romantisert ide om den hjemlige, nusselige og innadvendte hjemmekosen. Geriljabrodistene tar broderiet ut i verden, og bringer verden inn i broderiet.”

Eg vart nysgjerrig på kva som ligg bak dette fenomenet, som har skapt ei ny broderibølge i landet. Den umiddelbare underhaldningsverdien er openbar. Men kor kjem det frå og har dette gjort noko med broderiet slik vi kjenner det? Er dette brutalt opprør og vulgariteter, eller er dette redninga for eit levande broderi i 2013?

Broderiets historie

For å kunne setje Geriljabroderiet som fenomen inn i ein større samanheng tek vi eit steg tilbake og ser på viktige trekk i utviklinga av broderiet som teknikk og uttrykk.

Når vi talar om broderi meiner vi prydsaum, vanlegvis utført på tekstil ved hjelp av nål og tråd. Bruk av mange typar sting gjer at ein kan skape mange forskjellige kunstnariske og dekorative uttrykk med enkle midlar.

På grunn av bruken av lett forgjengeleg organisk materiale er det vanskeleg å sikkert tidfeste når broderi som teknikk vart teke i bruk for første gong. Eit av dei tidlegaste funna er gravfunn frå Peru datert til ca. 2000 år f.Kr.  Her vart det funne broderi med stor frodigheit i farge og mønster, og i avansert teknikk. Arkeologiske funn fortel oss at teknikken har vore i bruk i Norden i eldre bronsealder (1500-1000 f. Kr) I Norge er eit av dei tidlegaste funna av broderi frå Osebergskipet, datert ca 850 e.Kr.

Med renessansen på 1200-1300 talet og inn på 1600-talet kom kvitsaumen i lin, som stod sterkt i Italia. Dette er forløparen til det som vi kjenner som hardangersaum og nordmørssaum her til lands, som dukka opp på slutten av 1700-talet. På same tid vart også korssting ein populær teknikk. Frå 1500-talet starta ein å brodere tekst og små motiv på eit bunnstoff, dette kallar vi gjerne namnedukar. Desse hadde funksjon som prøve- og hugselappar for ulike teknikkar. Tematikken var gjerne dyder, verdiar, bibelord og andre moralske oppbyggelege levereglar. Ut over 1600-talet utvikla laugsvesenet seg, og broderi, veving og strikking fekk sitt laug, det betydde at broderte tekstilar for sal skulle produserast av laugsmeistrar, i all hovudsak menn. Dette fell saman med at det blant kvinner i dei høgare sosiale lag vart vanleg å brodere på klede og ting til heimen. Det vart utvikla mønsterbøker for handverkarane, som også dels vart nytta av kvinnene som broderte til husbruk. Omgrepet ”fruentimmernettheter” vart bruka om aktivitetar som var passande for byborgarskapets kvinner å fordrive tida med, ei av desse aktivitetane var broderier. Dette fekk dei unge frøknene opplæring i av sine mødre eller andre kvinner.

Masseproduksjon

Maskinvevd bomull kom etterkvart på marknaden, og gav tilgang til stadig rimelegare materialer. Dette, i kombinasjon med ein stadig friare kvardag for kvinnene – i alle fall i småborgarskapet som no oppstod – førte til auka produksjon av prydgjenstandar til å pynte opp i heimane med. Mangfaldet og omfanget av broderiet vart aukande. Kunstindustrimusea stod i spissen for eit ønske om å ”tøyle” denne utviklinga, og ville sikre kvaliteten på broderiet. Derfor gav dei ut mønsterkatalogar, i første omgang for kvitsaumen. Utover 1800-talet vart prydsaumen tatt opp i skuleverket, for å gi dei unge damene kvalitet i broderiopplæringa.

Broderi utan nyttefunksjon - folkeleg dekorasjon og kvalitetskunst

I 1804 vart for første gong korsstingsmønstra masseprodusert, av tyske Hertz & Wegener. Dette vart ein stor suksess, og vart spreidd i stort omfang. Dette vart etterkvart til broderipakkar med både garn og mønster. På denne tida oppstod broderier som ikkje hadde nokon nyttefunksjon, ulikt tidlegare tiders populærbroderi – som i stor grad var dekor og merking av klær og brukstekstilar.

Parallelt med utviklinga av det masseproduserte broderiet dukkar Willam Morris og Arts & Crafts-rørsla opp, og tek broderiet i ei anna retning. Her er det dei estetiske kvalitetane, det unike handverket og ein estetikk inspirert av organiske former og slyngande liner, med referansar til middelalder og tidleg renessanse som gjeld. På 1900- talet lever desse retningane side om side.

Massedistribusjon og broderibølge

Den folkelege broderibølga var stor omkring år 1900, og var pågåande heilt fram til 1960-talet. Mønster vart distribuert gjennom vekeblad og postordre, og var ikkje lenger ei overklassesyssel. Dei typiske broderia i denne tradisjonen knyter seg innhaldsmessig til eit idyllisert forhold til heim og familie, og til kristne verdiar. Dette kunne vere pyntehandkle, dukar, veggbileter til pryd i heimen – dekorert med tekst, blomster, illustrerande bilete. Ein skulle legge æra si i eit vakkert utført handarbeid, og gode tekniske ferdigheiter var viktig. Ein kan og tenkje seg at denne bruken av visdomsord og sitat hadde ein oppdragande funksjon for dei unge frøkner, som ein meditasjon over dyder og moralske sanningar.

Det har vore diskutert om denne massedistribusjonen har vore eit gode eller onde for broderiets utvikling. På den eine sida har det vore kritisert at denne kommersialiseringa har ført til einsretting, og til ei nedvurdering av sjølve handverket. På den andre sida har tilgjengeleggjeringa i vekeblader etc. ført til det vi kan kalle ei demokratisering av broderiet som handverk.

Broderi og feminisme

På 1970-talet begynte broderiet å miste sin posisjon, det vart satt i samanheng med kvinneundertrykking og nedvurderinga av kvinna gjennom å ”parkere” henne i heimen med broderier og andre ”ufarlege sysler”. Feministrørsla meinte at kvinner gjennom denne type aktivitet vart disiplinert inn i ei underdanig kvinnerolle. Interessa fortsatte å dale utover 1980-talet, og synet på broderiet som avlegs og utdatert vedarte. I løpet av denne perioden ser vi at broderiet forsvann meir og meir frå læreplanene i grunnskulen, og er i dag nestan heilt borte frå skulanes formgjevingsundervisning.

Den utviklinga som er kort skissert her fører fram til dagens Geriljabroderi, som har klare referansar til det tradisjonelle folkelege broderiet når det kjem til teknikk og visuelt uttrykk. Ofte brukar ein i Geriljabroderiet det same formspråket som vi kjenner, men tekst og/eller detaljar i uttrykket vert endra på. Enkelte brukar også gamle broderi som ein tilføyer tekst- og bildeelement til, eller endrar meir på.

Geriljabroderi – kva er det?

Astrid Loraas og Mona Pedersen er sjølvtitulerte ”geriljaleiarar”, og står bak konseptet Geriljabroderi. Dei er ein del av det vi kan kalle ei broderibølge som definerer seg som ein motkultur til det tradisjonelle broderiet. Denne forma for broderi har vorte svært populær, og har i gruppa sine aktive periodar fått mykje merksemd i media.  Vi finn eksempel på desse alternative broderia også i andre land, den mest kjente er kanskje Julie Jacksons ”Subversive cross stich” frå USA.

Grunnleggjarane forklarar sitt formål med å kalle stilen nettopp Geriljabroderi med at omgrepet gerilja vert brukt om å aktivt gjere opprør mot rådande styre. Dei uttalar at dei ønskjer å ”ta broderiet ut av de stivnede hendene til okkupasjonsmakten som består av strikte håndarbeidslærere og husflidsgeneraler med egenhendig produserte småstjerner på de tekkelige blusekragene og batikkjolene. Vi vil løfte broderiet ut av den romantiserte ideen om den hjemlige, nusselige og innadvendte kosten. Vi tar broderiet ut i verden og bringer verden inn i broderiet” (ref).

”I en verden hvor verdier som fred, forståelse, likhet, dialog og brobygging dominerer, så søker geriljabroderiet konflikt og brudd på alle tenkelige plan. Vi vil knekke de allmenne forestillingene om broderi som sjanger” (ref).

For å konkretisere sitt konsept let dei seg inspirere av Kristiania Bohemens 9 bud, og har laga sitt eige manifest som fortel om det grunnleggjande ved Geriljabroderiet.

GERILJABRODERISTENES NI BUD

1. Du skal brodere sannheten om deg og dine venner

2. Du skal overskjære broderiets hang til nusselighetens og religionens klamme røtter

3. Man kan aldri brodere en sinnstilstand nedrig nok

4. Du skal aldri såre din neste med mindre enn fem sting

5. Du skal elske og forakte broderitradisjonen, men hate og beundre den huslige fliden

6. Du skal aldri kopiere andres broderier, eller brodere prefabrikerte kit

7. Unngå aldri å utbrodere skandaler

8. Du skal aldri angre

9. Du skal sorgløst kunne brenne ditt broderi, men gladelig ta vare på rammen

Eg har allereie slått fast at det er likheit i det visuelle uttrykket ved dei to retningane, det vil seie – Geriljabroderiet vidarefører det tradisjonelle uttrykket, i overflata. Men teknikk er ikkje særleg vektlagt i Geriljabroderiet, ofte ser ein at tråder ikkje er festa pent på baksida, og at ikkje stinga er like jamne. Så sjølv om formspråket i Geriljabroderiet i stor grad liknar på det tradisjonelle, skil det seg ut ved å ikkje mane til nøyaktigheit og pertentlegheit på same måte.

Formspråket i det tradisjonelle broderiet vert vidareført, og ein viktig fellesnemnar er at begge brukar broderiet som ein måte å uttrykke seg på. Begge retningane har eit ønske om å formidle eit bodskap gjennom tekst og bilete, og er såleis ikkje berre til pryd, men er meiningsberande, og enn på ulik måte. I det tradisjonelle broderiet er tekst og uttrykk standarisert i eit mønster, medan geriljabroderistane vil uttrykkje sine personlege tankar.

Det folkelege broderiet brukar tradisjonelt sett tekst og bilete som byggjer opp om kvarandre, medan Geriljabroderiet i stor grad bruker kontrastar som verkemiddel for å få fram sitt bodskap. Dette blir ei slags feilkopling mellom uttrykk og innhald, ein kontrast som tek fokus.

Eit felles ønske er mangfaldiggjering av broderiet, - det tradisjonelle broderiet har som utgangspunkt å spre mønster og materialer i kommersiell samanheng, og har på denne måten eit økonomisk aspekt ved seg. Dette er i sterk kontrast til Geriljabroderiets idé om eit ikkje-kommersielt prosjekt. Deira ønske er å spre broderiet til flest muleg, og har no tatt patent på merkevara Geriljabroderi, slik at ingen andre skal bruke dette til marknadsføring og sal. Geriljabroderiet er å ansjå som eit idealistisk prosjekt.

Det folkelege broderiets måte å mangfaldiggjere broderiet vart gjennomført ved masseproduksjon, meda Geriljabroderiets prosjekt har vorte gjort kjent gjennom media, utstillingar og ikkje minst facebooksidene deira. Masseproduksjon av mønster tidleg på 1900-talet førte til at veldig mange identiske broderi vart produsert. Dette kan seiast å ha ført til ei einsretting av broderiet, eit statisk kulturuttrykk som Geriljabroderistane vil kjempe mot, med sitt fokus på det personlege preg i arbeiden, anten gjennom eigne mønster eller samansetting av element på ein ny måte. Dette som ein reaksjon på det dei omtaler som begrensningar i det ”nusselege, overfeminiserte og produktfikserte husflidsregimet”.

Som det 9.bodet indikerar er det sjølve ideen som er det viktige. Konseptet og prosessen er i fokus, medan det endelege produktet er sekundært. På dette måten gir dei uttrykk for eit ønskje om å ta avstand frå den produktorienterte materialismen innan tradisjonelt broderi.

Vi ser at Geriljabroderiet på mange måtar tek avstand frå det tradisjonelle broderiet. Men som vi les i det 6. bodet: ”Du skal elske og forakte broderitradisjonene, og hate og beundre den huslige fliden”. Dette beskriv eit spenningsforhold mellom desse retningane – heller enn eit brot vil eg seie. Vi kan tolke det som at dei er klare over at deira rørsle er eit nytt kapittel i historia om broderiet, og at dei ser motsetningane i at det nye broderiet ikkje hadde eksistert utan den gamle stilen.

Geriljabroderiet, som er ei definert motrørsle, er avhengig av det dei er ein reaksjon mot. Denne ambivalensen til tradisjonen kjem også sterkt til syne i det visuelle uttrykket, der den eldre tradisjonen er ei tydeleg referanse, og opptrer i lag med nye element. Det er på denne måten at kulturar og tradisjonar vidareførast og lever, ved aksjon og reaksjon – og tilføring av nye element.

Revitalisering

Geriljabroderiet er eit godt døme på ei revitalisering av ein handverkstradisjon. For om ikkje geriljabroderistane vektlegg teknikk i same grad som tidlegare tiders broderi, så har dei lukkast med å få mange menneske i alle aldrar og miljø til å brodere igjen. Ved å formidle og fornye aktualiteten i tradisjonane har ein gitt nytt liv og interesse for eit tradisjonelt kulturuttrykk.

Det vert no heldt utstillingar og samlingar der ein kan vere med på å lage geriljabroderi, og denne broderibølga spelar slik ein rolle i vidareføringa av tradisjon og kulturarv.

 For å kunne vidareføre og revitalisere må ein ha kunnskap om den tradisjonen ein står i, slik det kjem tydeleg fram at geriljabroderistane har i sitt konsept. Vi ser at geriljabroderiet betegnar seg som ei ”motstandsrørsle”, men dette er i like stor grad ei fornying av denne tradisjonen som dei  gjer opprør mot. I andre revitaliseringsprosessar ser vi at dette opprørske ikkje nødvendigvis er tilstades, men ein vel å bruke gamle teknikkar og tradisjonelle uttrykk i aktuell design og nye produkt, slik som til dømes Sptzbrg har gjort med sine bunadsslips.

Billedtekst: Bunadsslipset viser korleis ein i ny design har revitalisert bunadstradisjonen. Dette er ei revitalisering med ”dobbel botn”- som vi veit er jo også bunaden sjølv resultatet av ein revitalisering, drakter rekonstruert av historiske forelegg.

Kor vellukka er Geriljabroderiet om vi ser på det som ein revitaliseringsprosess? Det er uvisst kor bokstaveleg ein skal ta Pedersen og Loraas sitt manifest for sitt prosjekt. Kanskje ligg det meir bak, kanskje eit ønske om å ta broderiet eit steg vidare. Det er uansett interessant å sjå korleis dette har klart å skape ei ny interesse og aktualitet for broderi som handarbeid og uttrykksform. På ein humoristisk måte har det folkelege broderiet fått nytt liv – om enn med eit endra meiningsinnhald, gjennom leik med kontrastar og tradisjonelle element. Etterkvart lever dette sitt eige liv, og ein kan sjå geriljabroderi som er meir og mindre knytt mot det historiske utgangspunktet. Enkelte vil kanskje sjå på dette som rein underhaldning og humor, andre vil kanskje sjå på det som vulgært og upassande. Det som ikkje er til å kome forbi er at dei har lukkast med å nå nye målgrupper, handverket har vorte satt inn i ein ny kontekst – og fått nytt innhald.

Litteratur:

Bøker:
Engelstad, Helen: Norske navneduker, Oslo 1938 Aschehoug
Festervoll, Åse Vigdis: Knute på tråden og hull i sokken, Oslo 2005 Kolofon forlag
Håberg, Kirsten Røvig: Den myke historien,Oslo 2002 Tell Forlag
Loraas Astrid & Pedersen: Mona Geriljabroderier,Oslo 2010 Magikon Forlag
Mohr, Vibeke: Vår husflid, Oslo 1986 C. Huitfeld Forlag
Skjeggestad, Edith: Broderi, Oslo 1996 Tell Forlag
Sæther, Nina Granlund: Geriljabroderi,Oslo 2009 Humorologisk Forlag

Internett:

https://www.facebook.com/group.php?gid=29685963137

- Foretmeraggressivtkorsstingsbroderi/Geriljabroderietsside

http://ntmbroderi.wordpress.com

- Norsk Trikotasjemuseum sin blogg

Artikkelen er fra Nordmøre museums årbok 2013

Scroll til toppen