Frukthagen i Svinviks arboret

Av Maja Frønes

Frukthagen i Svinviks arboret
Halvor i Frukthagen. Svinviks Arboret, Surnadal

I perioden 1940-1960 vart det opparbeidd ein innhaldsrik frukthage i Svinvika, som ein del av den store plantesamlinga Halvor Svinvik etablerte her, og som i dag er museumshagen Svinviks arboret. I den bratte lia ned mot Todalsfjorden, med i alt 27 opparbeidde terrassar, var det på det meste 600 frukttre, med 65 eplesortar, 18 pæresortar og 23 plommesortar. Frukthagen var ein betydeleg del av samlinga i Svinvik, både i antal vekster og areal. Tanken i byrjinga var at fruktdyrkinga skulle bli ein næringsveg, men avlingane vart ikkje store nok til å gi nokon særleg vinst. Mange av sortane var ikkje tidlegare prøvd her på traktene, og enkelte viste seg å passe dårleg i klimaet på Nordmøre og andre betre. Halvor Svinvik si drivande interesse for å prøve ut potensialet som ligg i sortsmangfaldet kjem til syne også her i frukttresamlinga. Dette gjer den til ei interessant samling på mange måtar.

Alle frukttrea laga han sjølv ved å pode ulike sortar han skaffa gjennom kontakt med planteskular og andre fruktdyrkarar på grunnstammar han avla fram sjølv. I dag står det att om lag 60 av dei opphavelege trea i frukthagen, i varierande tilstand. Halvor Svinvik etterlot seg utførlege kart, sortslister og notatar som gir oss mykje interessant informasjon. Dette er viktige kjelder når museet no arbeider med ei kartlegging og revitalisering av frukttresamlinga. Målet er ikkje å tilbakeføre alle dei 600 trea, men å sørgje for at alle dei dokumenterte sortane er representert i samlinga igjen, og få tilbake mangfaldet som på så mange måtar kjenneteiknar Svinvik sitt arbeid.

Det aller meste av dei gjenverande trea er eple. Ein god del er sortsbestem, medan ein del fortsatt er ukjent. Det er eit tidkrevjande arbeid å spore kva tre som fortsatt finst, 70 år etter at kartet vart teikna, men litt etter litt fell bitane på plass.

Norsk Landbrukshøgskule besøkte Svinvik i 1980 for å sjå på nettopp frukthagen. Det vart då tatt med podekvistar av sortar som var vurderte som bevaringsverdige tilbake til Institutt for fruktdyrking. Mange av desse sortane og trea finst fortsatt bevart i samlinga der.

Bevaring av sortar av frukt og bær, poteter samt ein del grønnsaker og prydplanter blir gjort gjennom at ein samlar levande planter i feltgenbankar, sortssamlingar eller det vi kallar klonarkiv. Norske frukttre blir bevart i ni ulike klonarkiv rundt om i landet.  I 2016 gikk Svinviks arboret inn i eit samarbeid med Norsk Genressurssenter om å fungere som ein back-up for klonarkiva. Dette inneber at enkelte bevaringsverdige fruktsorter frå andre kantar av landet vil få plass i samlinga vår. Det er viktig at ikkje alle eksemplar av ein sort finst i på same stad, i tilfelle sjukdom eller andre skader til dømes. På denne måten kan Svinviks arboret bidra i arbeidet med å bevare mangfaldet av sortar, ikkje berre dei som Halvor Svinvik dyrka, men også andre bevaringsverdige sortar av mellom anna eple.

I 2016 starta første del av arbeidet med poding av nye tre for å komplettere samlinga, og dette vidareførast i åra som kjem. Det er eit langsiktig og spennande prosjekt, som vil generere ny kunnskap om samlinga, som skal kome eit hageinteresserte publikum til gode.

Scroll til toppen