Denne staden som er din

Nordmørsmusea ønsker velkommen til vår aller første bok som konsolidert museum, ei bok skrive av dyktige fagfolk ved museet.

Årets bok frå Nordmørsmusea

Du kan gle deg til eit spanande møte med nordmørsk kulturarv frå ulike perspektiv og vi håper at du, som vi, vil oppdage og gjenoppdage delar av den rikhaldige kulturarven vår i denne boka. Som ein liten smakebit på boka, legg vi ved forordet og håper du let deg friste til å dykke ned i historia ilag med oss. Boka er i salg hos bokhandlarar, på julearrangementa våre og på www.nordmorsmusea.no.

Årets artiklar er skrivne av tilsette ved Nordmørsmusea, og redaktør er forskar Jon Eikrem. Artiklane er skrive på nynorsk, bokmål eller svensk utifrå forfattar. Du kan lese anmeldelse av boka på RBnett (lesarbrev)

Utgivar: Nordmørsmusea AS. Grafisk form: Silje Nes, Stipla. Produsent: Skald AS. 

Frå forordet

Kva er det nordmørske? 

Er det eit talemål eller eit skriftspråk? Eit folkeferd eller lynne? Er det noko som skjedde for 200 år sidan, nokon som kom hit i fjor, ein veg over ei myr, eit fotografi, ei båtreise eller kanskje ei gammal skinnbrok? Er det du og eg og dei som kjem etter oss? Er det dei som var her før oss?  

Eller er det lov å tenkje at det nordmørske er noko underleg, omskifteleg og endringsvillig, ei kjensle like mykje om ein ting, noko immaterielt i følgje med det handfaste? Då er det ikkje lenger berre ein stad innanfor ei grense som er absolutt i tid og rom. Det er noko meir, det er eit spor attende i tid, ein stad vi står og ein veg vi skal vere med på å bygge framfor oss. Ein levande arv vi sjølv er med på å forme i all tid framover.  

Det er eit stort og omgripande samfunnsansvar vi tek på oss i Nordmørsmusea. Etter meir enn 20 år i prosess har vi no endeleg landa som eitt samla regionsmuseum, og har i oppdrag å ta hand om, forske på, formidle, samle på og utvikle den nordmørske kulturarven. Vi skal finne fram til og tolke det som har hendt, korleis det vart gjort, kva som vart skapt og ikkje minst; kvifor. Vi sorterer arkiv, digitaliserer foto, dokumenterer, analyserer og rapporterer. Og i alt det vi gjer har vi eit hovudmål; å bidra til å skape eit betre samfunn etter oss, basert på det vi veit og det vi kan. Å sikre at kunnskap ikkje går tapt og at vi kan gjere oss nytte av han i ettertida. Å stille dei rette spørsmåla. 

Heilt i kjernen av museet sitt oppdrag ligg ansvaret for å utvikle ny kunnskap om det nordmørske, og å gjere denne tilgjengeleg for alle. Det har vi teke på alvor i denne første publikasjonen til Nordmørsmusea. Vi gler oss til å møte deg på desse sidene. For det er i møte med deg at kunnskapen vår kjem til liv, vert relevant og kanskje endåtil utfordra. Slik utviklar vi kunnskapen vår vidare, ikkje berre i møte med fag og forskning, men i møte med deg som publikum. Her møter du ord om folk, gjenstander, stader og hendinger som fortel noko om den nordmørske historia – ei historie, eit minne og ein arv som er vår i fellesskap, og som fleire fortener å vite meir om.  

Vi har i år starta breidt med eit tverrsnitt frå denne kulturarven, og ønsker å presentere deg for ulike sider av det nordmørske. Felles for alle artiklane er at dei er skrivne av oss som jobbar i Nordmørsmusea, og dei tek for seg ulike innfallsvinklar for å skildre det nordmørske. For vi undrar oss også over kvar vi kjem frå, kven vi var, kvar vi er no, kvar vi skal og kanskje aller mest; korleis skal vi komme oss dit? Noko kan det vere du kjenner att, noko er kanskje nytt og alt dette er ditt, om du kjenner deg som ein nordmøring eller ikkje.  

Les det i ditt eige lys. Vi håper du undrar deg slik som vi gjer over alt det makelause og forunderlege, og samstundes heilt opplagte vi finn fram til, gjennom materiell, immateriell, uttalt, nedskrive og handlingsboren kunnskap. Ein kunnskap som gjev oss kraft til å bere utviklinga ilag for å skape eit samfunn for framtida.  

Vi har alt teke opp pennen for å skrive neste års bok, og håper å møte deg att der. I mellomtida ønsker vi deg god lesning! 

Beste helsing

Eigunn Stav Sætre
Direktør
Nordmørsmusea

Scroll til toppen