Arkivet etter forfattaren Hans Hyldbakk

Arkivverket tildelte i desember 2023 150.000 kr i prosjektmidlar til arbeid med arkivet etter forfattaren Hans Hyldbakk frå Surnadal. Tusen takk til Arkivverket for at de ser verdien i prosjektet vårt!

Med desse midlane skal arbeidet med arkivordning, pakking og registrering kome godt i gang, og når prosjektet er ferdig skal arkivet bli tilgjengeleg i Arkivportalen. Dette er eit viktig arbeid for ivaretaking av eit innhaldsrikt arkiv frå Hyldbakk sitt liv og forfattarskap, og som gjennom dette arbeidet vil bli meir tilgjengeleg for forsking. IKA MR vil vere arkivfagleg rådgivar i arbeidet.

Prosjektet vil starte i 2024, og vi vil arbeide vidare med fullfinansiering av prosjektet.

Diktar og lokalhistorikar Hans Hyldbakk (1898 – 2001) er mest kjent for mange for å ha skrive teksten til Vårsøg, tonesett av Henning Sommerro. Gjennom eit langt, aktivt og engasjert forfattarskap har han vore ein markant skikkelse på Nordmøre, har skrive lokalhistorie og bygdebøker for mange kommunar på Nordmøre, gitt ut diktsamlingar og delteke aktivt i samfunnsdebatten.

Heimen til Hyldbakk i Surnadal, Kleiva, er i dag eit av musea i Nordmørsmusea.

Scroll til toppen