Hopp til hovedinnhold

Prosjektstart Hyldbakkarkivet

Arbeidet med ordning, pakking og registrering av arkivet etter Hans Hyldbakk er no i gang.

Nordmørsmusea søkte i slutten av 2023 om arkivutviklingsmidlar utlyst av Arkivverket, og fekk tildelt 150.000 kr til ordning, pakking og registrering av arkivet etter forfattar og lokalhistorikar Hans Hyldbakk (1898-2001). Etter ein periode med nødvendig forarbeid har vi no i november 2024 kome fram til gjennomføring av sjølve arkivordninga.

Dette er ein milepæl i arbeidet med å sikre det innhaldsrike arkivet etter Hyldbakk, og vil gjere det meir tilgjengeleg for forsking og kunnskapsutvikling i framtida.

Arkivet vil bli tematisk systematisert og registrert i Asta med publisering på Arkivportalen. Tilskotsordninga gir ikkje midlar til digitisering av arkiv, men etter at dette arbeidet er gjort vil det ligge til rette for eit slikt arbeid i framtida.

Arkivet på om lag 15 hyllemeter er mangfaldig og inneheld bakgrunnsstoff for dei mange verka med slektshistorie og bygdebøker, ulike typar notatar, korrespondanse, bokmanus og mykje anna. Som heilskap kan arkivet vere ei kjelde til eit utvida perspektiv både på forfattarskapet og personen Hyldbakk.

Hans Hyldbakk levde og virka som forfattar, lyrikar og lokalhistorikar i Surnadal, med heile Nordmøre som arbeidsområde. Hyldbakk skreiv 19 bind med slektshistorie og bygdebøker, og fleire lokalhistoriske skrifter. Han ga også ut 11 diktsamlingar.

Arkivordningsarbeidet blir utført av IKA Møre og Romsdal, ved prosjektmedarbeidar Gudmund Valderhaug, på oppdrag frå museet. Prosjektleiar er Maja Frønes, stedsansvarleg for Nordmørsmusea i Surnadal.

Arkivet etter Hans Hyldbakk er eit prioritert personarkiv i Bevaringsplan for privatarkiv i Møre og Romsdal 2024-2027.

Vi takkar Arkivverket for tildelinga og IKA Møre og Romsdal for godt samarbeid i planlegging og gjennomføring.

  • 1/1
    Ein av dei mange kassane med arkiv som no skal ordnast. Maja Frønes
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2